LURT: – Eg føler meg så til dei grader lurt trill rundt, seier Halvor Lognvik, som får saka si i Høgsterett i dag. I går ettermiddag var han på tur til Oslo.FOTO: KJELL AULIE

Kan tape fire mill på finanskrangel

Halvor Lognvik frå Rauland risikerer å tape fire millionar kroner på eit finansprosjekt i Storebrand. – Eg føler meg lurt trill rundt, seier han til Varden.

Annonse
Annonse

Storebrand ønskjer ikkje å kommentere saka, som startar i Høgsterett i føremiddag.

Facebook-knapp kommer her

Ventar på utfallet

Kommunikasjonssjef Hanne Gudding i Storebrand seier følgjande:

– No let me Høgsterett behandle saka, og så ventar me på utfallet derifrå, seier talskvinna for Storebrand.

Lognvik har tapt i både tingretten og lagmannsretten, men Høgsterett har sagt ja til å handsame saka.

– Me blei ikkje trudd. I dommen frå tingretten blir me skildra som det byfolk kallar «fremtoninger». Personleg meiner eg at heile saka frå starten av burde gått i Telemark.

Storkonserna har ein fordel som får sakene sine på heimebane, hevdar Halvor Lognvik.

Var lån

Det var i 2006 at han og sonen Harald Lognvik investerte 2,5 millionar kroner i produktet Storebrand Indeksobligasjon Allokering II.

– Me trudde dette var eit spareprodukt, men det viste seg å vere eit lån. Saka har utvikla seg til eit praktisk og økonomisk mareritt for oss. Eg hadde ikkje drøymt om at eit slikt selskap kunne opptre på denne måten, seier Halvor Lognvik, som både er bonde og ein profilert Frp-politikar i Vinje.

Milliontapet

Lognvik opplyser at så langt har han brukt 1,5 millionar kroner på advokatutgifter.

– Viss eg taper i Høgsterett, vil eg og få Storebrand sine kostnader. Totalt vil tapet da kome opp i fire millionar kroner, seier Lognvik.

– Du føler deg lurt?

– Ja, så til dei grader. Før desse investeringane var eg gjeldfri og hadde 700.000 kroner i banken.

Må selje ut

– Kva gjer du viss du taper i Høgsterett?

– Da må eg kvitte meg med det som kan seljast ut, seier Halvor Lognvik, som har spennande tider framfor seg.

Høgsterett har nemleg sett av tre dagar til denne saka, som og truleg blir førande for andre liknande tvistar

 



Jobb i Telemark (194)