Kjendis utan pelsverk

Annonse
Annonse

KVITESEID Dyrevernalliansen jobbar hardt mot pelsdyrnæringa. Kampanjen «Kjendiser mot pels» har 40 kjendisar på lista.
Petter Stordalen (biletet) er den fyrste i toppskiktet frå Telemark.

Stordalen gjer det klart at «elsker ståpels, men hater dyremishandling». Med på lista er også Gunhild Melhus som Stordalen er forlova med.

Så følgjer kjendisar som fjernsynsveterinæren Trude Mostue saman med forfattarar, skodespelarar, musikarar og artistar elles.

Mange med klare og krasse uttaler. Ein av dei kjem frå Steinar Lem: «Å gå med pels er det samme som å gå med et skilt rundt halsen der det står: Jeg er enten følelsesløs eller kunnskapsløs – eller begge deler».


(Arkivartikkel fra 22.04.2009)
 



Jobb i Telemark (178)