annonse

Kor snur ryggen til kvinneleg prest

NEI TIL KYRKJA: NEI TIL KYRKJA: Her får ikkje nissedølane høyre korsongen frå Kvitsund når dei har ei kvinne som prest. Dette biletet er tatt i ei fullsett Nissedal kyrkje 1. påskedag. FOTO: JOHN STRAUME (Foto: JOHN STRAUME)

Kvitsund Gymnas vil ikkje synge for nissedølar samla til gudsteneste. Grunnen er Misjonssambandets prinsipp mot å vera til stades der kvinner utøver prestegjerninga for soknebarna.

  • John Straume John.straume@varden.no

NissedalI mange år har det vore tradisjon at Kvitsundkoret har vore eit kjærkome innslag på ei kveldsmesse i Nissedal. Kvar vår, i mange år, har koret frå Kvitsund, som er samansett av elevar og tilsette på skulen, sunge saman med russekoret. Men nå er det slutt.

Bispedømmerådets vedtak

For biskop Olav Skjevesland og Bispedømmerådet har tilsett Ingeborg Matre som sokneprest i Nissedal. Ho er kvinne - og dermed blir ikkje nissedølane lenger bønhøyrde når Nissedal sokneråd sender invitasjon med ønskje om å vidareføre tradisjonen med korsong frå Kvitsund i kyrkja.
Tilsettinga, som gav nissedølane ein dugande og populær prest i mars i fjor, kan ikkje sameinast med Misjonssambandet er førebels haldninga frå Norsk Luthersk Misjonssambands (NLM) høgborg i Telemark.

Soknerådet svært skuffa

Soknerådet i Nissedal gjev uttrykk for vonbrot når Kvitsund slår handa av nissedølane. Ønskjet om å få besøk av koret er sterkt. Mange nissedølar har vore glade for tilbodet Kvitsund har gitt.
- Skuffelsen var difor stor i år, då vi fekk nei, på grunn av vi hadde fått kvinneleg prest, seier soknerådsleiar Jon Inge Nordbø. Han har eit samrøystes sokenråd med seg.
- Mange i kyrkjelyden har gått på Kvitsund opp gjennom åra. Difor gledde vi oss kvar gong dei var i kyrkjelyden vår saman med lærarar og medelevar. Soknerådet på si side hadde hatt forståing for at Kvitsundkoret sitt avslag om eit hektisk program hadde hindra dei frå å synge for nissedølar til akkurat denne messa i februar eller mars. Dette kunne vore ordna med eit tidspunkt som hadde passa inn i koret sitt program. Når dei avstår fordi Nisedal har ein kvinneleg prest er svært skuffande, sier Jon Inge Nordbø.
- At vi har ulikt syn på kvinnelege prestar, vonar vi at vi kan respektere kvarandre for, avsluttar Nordbø og soknerådet.

Utan kommentar

Ingeborg prest i Nissedal seier til Varden at ho er kjent med Misjonssambandet sitt syn på kvinnelege prestar. Utover det har ho ingen kommentar. Heller ikkje dirigenten for Kvitsundkoret, Olav Holm, ønskjer å seie noko om saka.


(Arkivartikkel fra 10.04.2007)
Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse