FAVORITT: Levi Henriksen er ein av kronikøren favorittar.
Litteraturens stebarn
MERETE BRATSBERG AAE Skiensjente på Nordmøre, lærar og kulturkafedrivar
Eg har lese mange noveller. Eg brukar mykje tid på noveller i mitt daglege virke som lærar. Ei god novelle er som ei perle som ein kan pusse på til ho skin. Ho kan lesast om og om igjen. Ein oppdagar nye nyansar, nye detaljar. Det er fordi novella er så konsentrert, så tettpakka i si form. Ingen ting i ei novelle skal vere tilfeldig.
Det er annleis med ein roman. Ein forfattar kan ikkje sitte å finpusse på kvar einaste setning i same grad. Handlinga må drivast framover, ein snublar og les for å sjå kva som skjer. Novella, på si side, ho gjer seg best i eit saktare tempo. Ho skal nytast sakte. Ingen vil vel vere ueinig i dette?
Eg har skrive analysar av noveller til eksamen i norsk og engelsk på høgskulenivå og hatt fantastiske openbaringar ved nærlesinga. Ein kan pirke og analysere i det uendelege, og enno er det meir å hente. Men det melder seg fort nokre spørsmål…
For dei som ikkje er elevar eller lærarar i norsk skule: når las du ei novelle sist? Når kjøpte du ei novellesamling? Eg er ikkje overraska om du må tenkje deg godt om før du svarar.
”Det er eit slit å lese novellesamlingar”, seier nokre. ”Ein er så vidt kome inn i handlinga, så er ho over”. ”Ein må byrje på nytt igjen og igjen”. Eg trur nok dei har eit poeng, men likevel kan eg ikkje fri meg frå at det er eit tankekors at vi ikkje les fleire noveller, vi som er i ei evig tidsklemme.
Dei store forfattarane har skrive noveller, det vil ein sjå viss ein set seg ned og tenkjer litt. Men det er som oftast romanane dei er kjende for. Nokre få forfattarar skriv berre noveller.
Novella er eldre enn romanen. Romanar blei ikkje vanlege før midten av 1850-talet. Er novellene blitt umoderne?
”Forlaga ber berre om ein ting, romanar, romanar, romanar. Ein må stille på forlaget med ein grunngjeving og ein orsaking for at det ikkje er ein roman ein har skrive. Novellene er fortsatt eit stebarn i litteraturen.” Det er Vidar Kvalshaug som ordla seg på denne måten då han ga ut si tredje novellesamling i 2009, Den første av dine aller siste sjanser.
Salstalla frå Den norske Forleggerforening er tydelege. Noveller er meir eller mindre ein ikkje-eksisterande sjanger i Noreg. Norske bokkjøparar vil ha romanar og krim. Alle veit at diktsamlingar ikkje sel så bra, men dei sel dobbelt så godt som novellesamlingar. Mange forfattarar byrjar med å skrive noveller, og så går alle og ventar på at dei skal kome med sine hovudverk, nemleg romanane. Ein av våre beste innan novellesjangeren, Bjarte Breiteig, hevdar at han vil skrive berre noveller. Det må vere greitt?
Spør du meg om gode, norske novelleforfattarar, vil eg svare til dømes Hans E. Kinck, Johan Borgen, Kjell Askildsen, Hans Herbjørnsrud, Vidar Kvalshaug, Levi Henriksen, Bjarte Breiteig – ein av dei beste nye innan sjangeren, Bjørg Vik, Merethe Lindstrøm, Line Baugstø og mange fleir eg ikkje har plass til å nemne.
Eg har mange favorittnoveller. ”Kaprifolium” av Johan Borgen er ei av dei. Den kjenner mange, reknar eg med. Kva med ”Dypfryst” av Roald Dahl (”Lamb to the slaughter” på originalspråket)? Eg kan nemne grøssarane til Edgar Allan Poe. Eg får lyst til å lese dei alle, kjenner eg. Ståande foran bokhylla mi ser eg den eine etter den andre forfattaren som skriv gode noveller. Men les eg dei? Svaret er nok, nei, ikkje så ofte som eg les romanar.
Er novellene for krevjande? Nei, det kan ein vel ikkje meine. Noveller kjem i alle slags kategoriar. Er dei ikkje nok omtykte? Er dei ikkje moderne nok? Er det media som kan skuldast for einsidig fokus på romanar? Ein kan spekulere.
Eg har vore på mange opplesingar kor novella har vore eit tema. Bjørnsonfestivalen i Molde er eit døme på det. No har du høve til det same i Vinje under Litteraturdagane i helga.
Då eg studerte norsk ved Høgskolen i Telemark, Bø, hadde eg ei fordjupning i novellekunst på 1980-talet. Kanskje det har vore med å gjort meg ekstra glad i den sjangeren. Apropos Telemark, Bø og Vinje, så har jo Tarjei Vesaas gode noveller. Lyder ”Vesle-Trask”, ”Hesten frå hogget” og ”Det snør og snør” kjent? Favorittnovella mi av Vesaas er likevel ikkje ei av dei, men ”Naken”, som er ei lyrisk novelle, gåtefull og fin.
Novellene er så konsentrerte, og er på mange måtar større kunst enn romanar. Meir intense. Same som kortfilmen. Det er eit sterkt, kort møte. Men dei skal sitte eit støkk i deg ei god tid etterpå. Eller ein kan seie som Vidar Kvalshaug: ”Eg likar at ei novelle startar med å slå deg i ansiktet og endar opp med å stryke deg over kinnet”.
Kronikør for Telemark Tidend , Merete Brasberg Aae, Skiensjente på Nordmøre, lærar og kulturkafedrivar















