VANVITTIG GLAD: – Eg er så vanvittig glad for at marginane var på mi side heile natta, seier Oddmund Skeie. Fru Nina, som redda livet hans, har og all grunn til å smile. FOTO: FREDRIK PEDERSEN
Livna til etter 49 minutt utan puls
På den iskalde nyttårsnatta fekk Oddmund Skeie hjarte-stans. Etter nesten 50 minutt utan puls kom han sakte, men sikkert til hektene igjen. Snaue to månader seinare er raulendingen tilbake på deltidsjobb i den store Spar-butikken sin i heimbygda.
Han kan fyrst takke fru Nina for livet. Ho heldt det gåande med hjartekompresjon åleine i 26 minutt inntil hjelpa kom. Dødssliten kunne ho da overlate jobben til to andre, Rune Skinnarland og sonen til Oddmund, Eivind som begge vart tilkalla under dramaet.
Les også: Han kunne ikkje dø på golvet
Segna om
Dei var på plass før det kom ambulansar frå Åmot og Tokke og sidan luftambulanse, og heldt fram med kompresjonen i rundt fire minutt til hjartestartaren var klar. På det fjerde forsøket med hjartestartar kom pulsen til Oddmund i gang igjen. Da hadde det gått 49 minutt og 14 sekund minutt sidan han segna om på badegolvet heime i bustaden på Austbø litt før klokka 02.
Vanvittig glad
- Eg er så vanvittig glad for at marginane var på mi side heile natta til 1. januar i år. Har tenkt mykje på dette, seier den ferske 50-åringen medan tårene kjem fram i augekroken.
– Det vart eit drama som overgår alt eg har vore med på. Både mor mi, naboar, ambulansepersonell og AMK-sentralen gjorde ein framifrå jobb, seier Nina. Ho opplevde sitt livs mareritt, men er så utruleg takksam for at det heile enda så godt.
Sliten og stiv arm
Romjola er ei av dei travlaste tidene i året for familien Skeie. Både bygdefolk og turistar strøymer til daglegvarebutikken deira i Rauland. Rett før året ebba ut var Oddmund ekstra sliten.
– Den venstre armen min var litt stiv i rundt 14 dagar. Eg var og meir trøytt enn vanleg, men trudde det hang saman med stress i jobben. På ein fotballtur i Manchester før jol var eg kortpusta, men signala var diffuse. Eg hadde ingen smerter i brystet, fortel Oddmund vidare.
Feira heime
Nyttårsaftan feira han heime saman med fru Nina, dotter deira Liv (6) og mor til Nina, Liv Berit Skogen. Familien åt ein god middag med kalkunfilet. Ute var det 30 kuldegrader. Oddmund, som var langt stillare enn vanleg denne kvelden, hadde ikkje lyst til å gå ut ved midnatt, men måtte vere med jentungen som skulle tenne på stjerneskota.
I 00.30-tida gjekk både jentungen og bestemor til sengs, medan ekteparet koste seg med eitt glas vin til før dei la seg.
– Eg merka at Oddmund stod opp. Eg var så trøytt, men høyrde nokre rare lydar. Da eg gjekk ut i stova sa at han han ikkje var i form. Han fortalte at det ikkje var influensa. Oddmund sa så at han ikkje kjente at hjartet banka. Han kom seg inn på badet, men segna om. Eg tok imot så han ikkje fall pladask i badegolvet. Men han vart brått livlaus, fortel Nina om den sjokkerande hendinga. Sjølv hugsar ikkje Oddmund noko sidan han var ute og markerte overgangen til det nye året. Alt etterpå er svart.
Dramaet i gang
Medan dottera Liv var i drømmeland i heile natta, fekk Nina vekka mor si. På høgttalande telefon heldt dei kontakten med AMK-sentralen samt fekk varsla og kalla inn pårørande.
– Eg forstod med ein gong at det var hjartet. Eg starta med hjartekompresjon. 30 trykk og to blås. Men fekk beskjed om at eg skulle kutte ut blåsinga. Ideelt skulle eg hatt 100 trykk i minuttet. Eg klarte kanskje 60–70. Mor prøvde seg, men det vart for tøft for 73-åringen, så eg måtte til igjen. Det var utruleg lange minutt til hjelpa kom. Men eg talte til 20 gong etter gong medan eg dreiv med hjartekompresjonen.
Ambulansen skulle kome om 27 minutt, så 17 minutt og sju minutt. Eg skjøna at eg ville klare halde fram med arbeidet til dei profesjonelle hjelparane kom, men det såg mørkt ut med den livlause mannen på badegolvet.
Denne historia viser at det nyttar å hjelpe, seier Nina Skeie.















