BEVISET: Redaktør Hilde Eika Nesje (t.h) mottok diplom av ordførar Arne Storhaug og prosjektleiar Marta Kjøllesdal. FOTO: HALVOR ULVENES

Lokalavis nytt miljøfyrtårn

Lokalavisa Bø Blad vart det fjerde miljøfyrtårnet i bygda si.

Annonse
Annonse

BØ Dette vart markert før starten av kommunestyremøtet i kveld. Det var redaktør Hilde Eika Nesje som mottok diplomet på vegne av bedrifta.

Ikkje bil

Lokalavisa er no miljøsertifisert etter ein omfattande prosess. Dette betyr til dømes at heretter må journalistane bruke beina eller sykkel når dei er ute på oppdrag i sentrum. Helse, miljø og sikkerheit er og viktig ved sertifiseringa, så stolar og pultar på arbeidsplassen må og vere i orden for å bli eit miljøfyrtårn.


(Arkivartikkel fra 15.12.2008)