annonse

Margit og Aasmund sel bryggeriet

EVENTYRET OVER
EVENTYRET OVER: Margit og Aasmund Rinde sel no bryggeriet i Åmotsdal. (Foto: KJELL AULIE)

Fjellbryggeriet i Åmotsdal er til sals.

Halvor Ulvenes

Det skriv Vest-Telemark Blad i siste nummer.

Avisa fortel at fire år med knallhardt arbeid har gjort Fjellbryggeriet i Åmotsdal til eit solid merkenamn og god butikk, men no orkar ikkje Margit Karlsen Rinde og Aasmund Rinde meir.

Heilt nødvendig

– Det er veldig vemodig, men heilt nødvendig, seier paret som ser fram til normale arbeidsdagar, ferietid og kvalitetstid med heile familien.

Dei viser til at arbeidsdagen har vore på frå 15-18 timar.

26.000 liter

I fjor brygga dei 26.000 liter øl og omsette for tett innpå to millionar kroner. Ølet er tilgjengeleg i Telemark, Agder-fylka, Rogaland, Hordaland, Oslo og Vestfold.

Bedrifta i Rønjomsgrendi har hatt seks faste merke - Vehus, Lun, Korp, Nara, Tyrst og Såmt

annonse