DEI SENTRALE: Dei sentrale personane ved utbygginga av Bø Bedehus: Leiar i Bø Normisjon, Ingrid Vegum (f.v.); leiar i byggekomiteen, Gunleik Hynne; leiar i innsamlingskomiteen, John Tveita; og Halvor Staurheim som er sjef for dugnadsgjengen. Begge FOTO: HALVOR ULVENES
Millionjakt på bedehuset i Bø
Bø Normisjon har alt samla inn rundt to millionar kroner til utviding og restaurering av bedehuset. No startar jakta på den siste millionen.
FLEST TIMAR: Halvor Staurheim har desidert flest dugnadstimar på Bø bedehus.
FLEST TIMAR: Halvor Staurheim har desidert flest dugnadstimar på Bø bedehus.
DEI SENTRALE: Dei sentrale personane ved utbygginga av Bø Bedehus: Leiar i Bø Normisjon, Ingrid Vegum (f.v.); leiar i byggekomiteen, Gunleik Hynne; leiar i innsamlingskomiteen, John Tveita; og Halvor Staurheim som er sjef for dugnadsgjengen.
Heile prosjektet har ei kostnadsramme på 4,2 millionar kroner.
Det finansierast med ein eigenkapital på 600.000 kroner, dugnadsarbeid på 700.000 kroner og innsamla midlar på 2,9 millionar kroner.
Etter planen skal nye Bø Bedehus opnast til hausten, truleg i september. Etter utvidinga får bygget ei total flate på 308 kvadratmeter - med lyse og fine lokale både i fyrste og andre høgda.
Sosial samlingsstad
Bø Normisjon viser til at bedehuset er ein sosial samlingsstad, og i tillegg til dei mange arrangementa vert det lagt ned eit stort arbeid der for barn og ungdom
Felles hus
Dei siste åra har det vore drøftingar om å føre opp eit felles hus for soknerådet og Bø Normisjon - som er ein fusjon av gamle Indremisjonen og Santalmisjonen. Eit slikt hus ville ha kosta 12-14 millionar kroner. Responsen blant soknebarna var ikkje stor nok, så i fjor vinter vedtok Bø Normisjon å å satse på det 75 år gamle bedehuset.
Solid byggverk
- Det gamle huset var overraskande solid. Det vart bygd for 7.000 kroner i 1930-åra Det for ei religiøs vekking over bygda da Karl Johan Øye, opphavleg frå Stranda på Sunnmøre, var sokneprest her. Ole Sisjord var snikkar den gongen, opplyser Ingrid Vegum, Gunleik Hynne og John Tveita, som alle er representantar for Bø Normisjon.
På den fyrste kollekten vart det samla inn 350 kroner.
Stor gjevarglede
Også i dag er det stor gjevarglede mellom bøheringane.
- Den fyrste millionen til nytt bedehus kom i løpet av tre veker - og fordelt på 30 privatpersonar. Etter kvart er innsamla beløp kome opp i om lag to millionar kroner. Det største einskilde bidraget er på heile 200.000 kroner. Det har vore fleire beløp på både 50.000 og 100.000 kroner, fortel leiar i innsamlingskomiteen, John Tveita.
Bø Normisjon ønskjer at enda fleire privatpersonar i Bø kjem med gåver til bedehuset - alle bidrag er kjærkomne, får Varden opplyst.
I løpet av få veker startar og ein innsamlingsaksjon mot næringslivet. Så no vonar representantar for Bø Normisjon at både handelsstanden og andre bedrifter i bygda blar opp til prosjektet.
1.000 timar
Det er heller ikkje noko i vegen med dugnadsinnsatsen på Bø Bedehus.
- Så langt er det lagt ned 1.000 dugnadstimar, opplyser leiar for dugnadsgjengen, Halvor Staurheim.
I følgje leiar i byggekomiteen, Gunleik Hynne, er Staurheim er den som har utført desidert størst friviljug innsats på det nye bedehuset. I tillegg til dugnadsgjengen er det leigd inn professjonelle firma for å få realisert prosjektet.
(Arkivartikkel fra 14.01.2009)














