Neppe bjørnefelling

Klagebrevet frå Vinje Sau og geitalslag ligg til behandling i Direktoratet for naturforvalting.

Annonse
Annonse

VINJE - Innan ei veke vil me nok ha behandla saka, seier sakshandsamar Morten Kjørstad. Sidan saksbehandlaren ikkje har gått grundig gjennom saka, vil han heller ikkje seie noko om eit eventuelt utfall av saka.

- Har det blitt gitt fellingsløyve på andre bjørnar som har vakna opp av vintersvevnen?
- Hittil i år er det ikkje blitt dela ut fellingsløyve på slike dyr, svarar Kjørstad.

Og den unge hanbjørnen ruslar truleg rundt i eit terreng der han kan rekne med å finna mat. Espen Marker, rovviltansvarleg i Telemark, Buskerud og Vestfold seier til Varden at det ikkje har kome fleire meldingar om kvar bjørnen er akkurat nå. Det blir heller ikkje gjort noko for å leite han opp for å kartlegge kvar han måtte dra nå, fortel Marker.


(Arkivartikkel fra 27.04.2008)
 



Jobb i Telemark (191)