INTERESSERT: - Bil er mi store interesse, seier Anders Solvang. ALLE FOTO: HALVOR ULVENES

Olabil er toppen

Anders Solvang frå Langesund var ein av finalistane i Olabil-NM i Sommarland i går. Tolvåringen frydar seg bak rattet i den heimelaga Mercedesen.

Annonse

FLOTTE: Mange flotte bilar i Bø i går.

HEKTISK: Hektisk før finalen.

FINALIST: Anders Solvang frå Langesund.

Annonse

Solvang vann løpet i Langesund tidlegare i sommar, og kvalifiserte seg såleis til finalen. I fjor kom han på fjerdeplass i uttakingsløpet.

Likar bilar

Den blide Bamble-guten legg ikkje skjul på at Olabil er moro. - Bil er den store interessa. Eg har laga denne med hjelp av pappa og eit syskinbarn. Starta på den da eg var ti år. I dag gjeld det å kome raskast mogleg ned løypa, fortel unge Solvang, som blir tenåring i haust.

- Farten på bilen din...
- Veit ikkje, svarar han. I går kjørte han ned til 1.03,80 i Sommarlandløypa og det heldt til 18. plass blant dei 30 deltakarane.

Knallhardt

NM-tittelen med 48,14 sekund. Konkurransen var knallhard - Marius Torgersen frå Oslo var berre tre hundredelar bak, medan Sabrina Hjorth frå Egersund kjørte ned til tredjeplass med tida 48,71.

Kevin Haavet frå Porsgrunn vart beste telemarking med 50,11 sekund. Eirik Skaug, Skien kjørte inn til 11. plass med 57,31 medan Haakon Bjaaland frå Porsgrunn blei nr. 14 med tida 59,43. Haakon Ringhus Nilsen frå Sandøya hamna på 29. plass med tida 1.26,05.

Tobias og Magnus Paulsen frå Arendal hadde det tøffaste kjøretøyet. Her nådde ingen telemarkingar opp i tetsjiktet. Vinnarane i NM får 1.200 kroner kvar. Andreplassen gjev 700 kroner medan dei som blir nummer tre får ein femhundrelapp.

Nordisk neste år

Primus motor for Olabil-NM, Terje Skaug frå Skien, fortel at neste år blir det nordisk meisterskap. Da skal det vere open konkurranse med deltaking frå både Sverige og Danmark. Også det arrangementet skal gå av stabelen i Bø Sommarland.


(Arkivartikkel fra 06.08.2007)