DELTOK:

DELTOK: Margrete Andersen (t.v.) og Jenny Kristine Runningen, begge Seljord. ALLE FOTO: HALVOR ULVENES (FOTO: HALVOR ULVENES)

På jakt etter eit yrke

Det vrimla av folk under yrkesmessa på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen i dag. Nær 1.000 personar var innom.

Annonse

BESTE STIL: David Tørre Asprusten får premie for beste stil av NHO-sjef John G. Bernander. Bak Olav A. Veum.

KOR: Koret «Tusen stjerner» song ved opninga av yrkesmessa.

KLIPTE SNORA: John G. Bernander opna yrkesmessa på Dalen.

Annonse

To av dei var ungdomsskuleelevane Margrete Andersen og Jenny Kristine Runningen, begge frå Seljord.

Gode tips

– Me har fått ein del tips. Eg har lyst til å bli dyrlege. Det var klart før eg kom hit, fortel Jenny Kristine i ein prat med Varden.
– Eg kan tenkje meg noko innan helse, kanskje fysioterapeut eller lege, seier Margrete.

Facebook-knapp kommer her

NHO-sjef John G. Bernander stod for den offisielle opninga. På messa var det minst 600 elevar og eit par hundre tilsette knytt til dei 100 bedriftene som hadde stand, får Varden opplyst ved skulen.
– De må følgje hjarte, lyst og engasjement, sa NHO-sjefen til elevane.

Han la ikkje skjul på at næringslivet vil ha enormt behov for ungdommeleg arbeidskraft i åra framover.
– De må velje motbakkar for å få eit yrke med toppløn, var noko av bodskapen til Bernander.

Beste stil

Han hadde også æra av å dele ut diplom og gåvekort til beste stilskrivar på skulane i regionen. Premien gjekk til 15 år gamle David Tørre Asprusten frå Kviteseid, som hadde levert ei framifrå oppgåve om korleis Vest-Telemark kan sjå ut i 2022.

 



Jobb i Telemark (193)