annonse

Pinsippsak hos misjonssambandet

TRENG KJØREREGLAR: TRENG KJØREREGLAR: Rektor Håvard Brekkå saknar betre regelverk (Foto: )

Rektor på Kvitsund, Håvard Brekkå, meiner at saka om å stoppe korsongen for kyrkjelyden i Nissedal er ei sak om skulens kjørereglar.

  • John Straume John.straume@varden.no

KVITESEID Hadde koret blitt bede om å synge på ein bygdekveld eller på bedehuset, der Nissedals populære prest Ingeborg Matre hadde vore til stades som privatperson, ville saka vore ei anna.
- Vi har sjølvsagt ingenting imot presten i Nissedal som person. I Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), som eig og driv Kvitsund, har vi eit syn der vi forstår Bibelen slik at det er forskjell på kvinner og menns teneste i kristent menighetsarbeid. Det utelukkar kvinnelege prestar. Dette er ei prinsippsak, seier rektor Håvard Brekkå.
- Spørsmålet for oss blir kva kjørereglar vi som internatskule skal skal ha i praksis. På dette nivået, når det gjeld kor og liknande, så har ikkje NLM konkrete, detaljerte føringar. Kvitsund har førebels valt å seie nei til å syngje med skulekoret på gudstenester der kvinneleg prest forrettar.


(Arkivartikkel fra 10.04.2007)
annonse