TEK SATS: Thea Eline Hetland tek sats for å finne nye våpen mot kreft. (FOTO: HALVOR ULVENES)

Skal løse kreftgåta

Forskar og lege Thea Eline Hetland er sentral i arbeidet med å finne nye våpen mot kreft i eggstokkane hjå kvinner.

Annonse

IMMUNAKSJON: Dendrittiske celler kan setje i gang ein kraftig immunreaksjon i kroppen, slik at T-cellene blir aktivert og kan angripe kreftcellene. ILLUSTRASJON

Annonse

– Eit veldig spennande prosjekt, seier doktoren frå Lårdal som arbeider ved Seksjon for Gynekologisk Kreft på Radiumhospitalet i Oslo.

Hetland hadde nyleg innlegg på Vest-Telemarkkonferansen i Vrådal om den nye kreftvaksina som er under utprøving.

Facebook-knapp kommer her

Vanskeleg kreftform

Rundt 450 kvinner i Noreg får kreft i eggstokkane årleg. Røynslene viser at dette er ei vanskeleg kreftform, som medfører at mange døyr av sjukdommen. Grunnen er at den ofte oppdagast for seint.

Hjå mange pasientar viser det også at cellegift ikkje gjev ønska resultat, så derfor har spydspissane på Radiumhospitalet – som dei fyrste i Noreg – teke i bruk nye metodar i kampen mot den snikande sjukdommen.

Personleg vaksine

Hetland arbeider med vaksine for kvinner som har hatt tilbakefall av kreft i eggstokkane. Vaksina er utvikla av dei fremste ekspertane på Radiumhospitalet. I dette prosjektet er ho bindeleddet mellom laboratoriet på dette kreftsjukehuset og pasienten. Det blir nemleg utvikla ei personleg vaksine for kvar einskild pasient som kan delta i denne testen.

Førebels har ho og overlege Janne Kærn kontakt med tre pasientar, men dette talet skal auke til 20.

Skaper «soldatar»

– Korleis virkar vaksina?

– Ein viktig del av immunforsvaret vårt er dei såkalla T-cellene. Når desse blir aktivisert på rett måte, kan dei drepe kreftceller i kroppen. Desse cellene kan ein kalle soldatar i denne kampen, fortel Hetland.

– Immunforsvaret vårt har og det ein på fagspråket kallar dendrittiske celler, held ho fram. – Dei kan setje i gang ein kraftig immunreaksjon i kroppen, slik at T-cellene blir aktivert og kan angripe kreftcellene. På laboratoriet blir dei dendrittiske cellene samla opp frå blod tilhøyrande pasienten, isolert og dyrka vidare.

– Etterpå blir desse cellene tilsett delar av protein som ein finn i kreftceller. Det er dette produktet som blir gjeve som ei vaksine, som aktiverer T-celler retta mot kreftcellene. Eggstokkane er i prinsippet fjerna, så det er kreftceller som har spreidd seg som me rammar, seier Hetland.

I prosjektet blir vaksinen gjeve kvar veke den fyrste månaden, deretter månadleg det fyrste året.

– Hensikten er å kartlegge korleis immunforsvaret reagerer, biverknader og effekt av behandlinga, opplyser ho vidare.

Tek doktorgrad

I tillegg til det spennande arbeidet, er ho og for tida doktorgradsstipendiat. Dette stipendiatet er finansiert av Helse Sør-Øst.

– Eg forskar på kvifor cellegift ikkje virkar på alle pasientar. Gjennom prosjektet er målet å lære meir om kreftcellene sine eigenskapar, seier Thea Eline Hetland.

 

Siste nytt



Jobb i Telemark (193)