GAUPE SKOTEN: Øyvind Fosse Ii Sauland har vore gaupejeger før. Dette biletet er frå 2006 og jegerne er i lag med Per Espen Fjeld.

Skaut gaupe nr. 10

Ei årsgamal gaupe blei skoten i Sauland torsdag. No er det fem gauper igjen av telemarkskvoten.

Annonse
Annonse

Det var Øyvind Fosse i Sauland som skaut den siste kvotegaupa i regionene som inkluderer kommunane rundt Lifjell, pluss ein del kommunar i Vestfold og Buskerud.

- Dei går tett inntil huset, og i går natt høyrde eg den tok eit rådyr. Difor sette eg meg på post i ettermiddag og gaupa kom. Det var bare 150 meter frå huset mitt, seier Fosse.

Han fortel at han har skote ein årsunge, og truleg er det snakk om ei hanngaupe.

Rådyr er åte

Årsaka til at gaupa kjem så tett til huset på Fosse på Vestsida i Sauland, er at Fosse forar på rådyra.
- Gaupa trekker dit ho veit det er mat å finne, forklarar jegeren som også er rovviltkontakt for regionen.


Den totale kvota for fylka Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder er på 26 dyr, med mogleghet for å utvide med to.
I følge Fylkesmannens gaupetelefon skal det nå vere fem dyr igjen i Telemark og fire er skotne.


(Arkivartikkel fra 12.02.2009)
 



Jobb i Telemark (178)