Slo ned kona

Ektemannen drog kona overende og sparka henne i hovudet og kroppen.

Annonse
Annonse

I Vest-Telemark tingrett er mannen dømt til 15 dagars fengsel. Ytterlegare 15 dagar er på vilkår.

Bakgrunnen for hendinga i janauar i år var at konas dotter og dotter hennar hadde vore så mykje i heimen deira at han fann det forstyrrande. Mannen, som har svært dårlege norskkunnskapar, forklara i retten at han og kona fortsatte krangelen etter at dotter hennar hadde reist frå huset.

Kona forklara i retten at ho fekk smerter i brystet, hevelsar i ansiktet. Ho hugsa lite av hendinga. Men hugsar ho slo og sparka for å få mannen vekk.

Retten seier i straffutmålinga si at «Forholdet er begått i prøvetiden, og volden er på nytt utøvd mot tiltaltes ektefelle. Både tiltalte og fornærmede har forklart at tiltalte har problemer med å tilpasse seg forholdene i Norge.» Tiltalte er utan fast arbeid og retten seier:«at selv om livssituasjonen til tiltalte synes å kunne forklare hvorfor hendelsen som han nå dømmes for skjedde, kan voldsbruk ikke tolereres».

Domen gjev og tiltalte ei prøvetid på to år.


(Arkivartikkel fra 03.06.2009)