Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Snøskuter i valkamp

EIGE LOVFORSLAG: Tord Lien sin bodskap frå Framstegpartiet var klar.

EIGE LOVFORSLAG: Tord Lien sin bodskap frå Framstegpartiet var klar.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

LYTTA: Skuteren er komen for å bli. Ingen her meiner noko anna

LYTTA: Skuteren er komen for å bli. Ingen her meiner noko anna

FRI FERDSLE. Ingen ønskjer fri ferdsle med snøskuter, seier Jon Olav Alstad i Snøfor.

FRI FERDSLE. Ingen ønskjer fri ferdsle med snøskuter, seier Jon Olav Alstad i Snøfor.

Framstegpartiet vil legge fram eige forslag til ny motorferdslelov før valet.

Einaste måten for regjeringa å unngå dette på er å legge fram sitt forslag til lov før påske.

Regjeringa nøler

Dersom det ikkje skjer, så er det full fart for snøskuter og utmarkspolitikk i valkampen.

Framstegpartiets miljøpolitiske talsmann Tord Lien fekk applaus frå fortvila snøskuterfolk i Rauland då han viste skrifta på veggen i Fjøllhalli i Rauland.

Kampen mot direktoratet

Partiet si synfaring i snøskuterlandet Rauland var som ei misjonsferd der folket for lengst er frelst. Ingen kritisk røyster heva seg mot anna enn Direktoratet for naturforvaltings ønskje om å forby fritidskjøring, bortfall av fiskeløyper og at innmark blir utmark så snart snøen legg seg på skogsbilvegen eller isen legg seg på vatnet.

Eit lovforslag som i praksis betyr eit forbod mot skuterbruk vil sette tida tilbake. I Vinje er det 6-700 skuterar og eit utmarksareal større enn Vestfold.

Kulturimperialisme

- Dersom stortingsfleirtalet vel å legge til grunn at behovet til folk som ikkje er busett i kommunen skal vega tyngre enn behovet for kommunens innbyggarar så er dette kulturimperialisme, hevda Tord Lien og Kåre Fostervoll.

Fostervoll og Lien gjorde det klart at dei ikkje var viljuge til å la nikkersadelen bestemme i ei sak der det kommunale sjølstyret var rett og viktig.
Eit slikt lokal forankring vil vera den beste garantien mot fir ferdsle med skuter. Det ønskjer ikkje Framstegspartiet, sa ein bestemt Lien. Og snøskuterfolkets øvste leiar Jon Olav Alstad i Snøfor sa det same.

Ventar på crossbane

Med på møtet var også varaordførar Aslak Ofte og ordførar Olav Urbø frå Tokke. Begge lova å ta opp kampen i sitt parti for å få programfesta ein skuterbruk i pakt med forsøkskommunanes gode erfaringar.

Ofte etterlyste faktisk ein søknad frå skuterfolk om eit lukka crossområde der skuterfolket kan kjøre tøffare enn i løypenettet. Det er kommunen positiv til, hevda Ofte.


(Arkivartikkel fra 19.03.2009)

Publisert lørdag 12. desember 2009 kl. 01:40.

Annonse

Snarveier

Snarvei: Varden-TV Varden-TV

Klikk deg inn på Varden-TV.

Snarvei: Nyfødte Nyfødte & Nygifte

Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.

Snarvei: Hva skjer Hva skjer

Se hva som skjer i Telemark.

Snarvei: Bil og motor Opptatt av bil?

Sjekk våre sider om bil og motor.

Odd- Bjorkoy

Kornsirkler på Ballestadhøgda

Odd - br

Se flere videoer

Søk i skattelistene
for 2008

Nyheter på tv/radio

NRK Alltid nyheter: 14:00 Dagsnytt
P2: 14:00 Dagsnytt
P1: 14:00 Dagsnytt
Al Jazeera Int.: 14:00 News
CNN: 14:00 World Report

» Gå til TV Guiden

Annonse