ARKIVFOTO: SCANPIX

Sporlaust borte

Bjørnen som blei sett på Strengenvegen ved Kilen er sporlaust borte.

Annonse
Annonse

NOME/KVITESEID Espen Marker i Statens Naturoppsyn fortel til Varden at det har vore gjennomgang i terrenget utan å ha funne sikre spor på at bjørnen har vore der. Dermed kan ein heller ikkje har ein heller ikkje fått materiale som kan identifisere bjørnen. Det er likevel ingen som avviser at det var bjørn som blei observert fredag kveld.

Frå Setesdal

Bjørnen som ruslar rundt kan også vera den som overvintra i Vinje sist vinter. Den har og visst å gøyme seg dei siste månadene. Men i Valle i Setesdal er det funne sikre spor.

Over Bandak

Og vegen frå Setsedal til Kilen er ikkje så lang for ein Bamse. Det er bare å gå gjennom Tokke, kommunen med bjørn i kommunevåpenet, og så ta seg over Bandak eller eitt av dei andre vatna så er ein snart i Kilen og andre bjørnetrakter. Om bjørnen er på veg vidare til Midt-Telemark er førebels uvisst. Men i eldre tider var også desse traktene rike på bjørn i den tida då Telemark hadde største bjørnestamma i landet.


(Arkivartikkel fra 09.07.2008)
 



Jobb i Telemark (178)