KUMLOKK: KUMLOKK: Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (t.v.) overrekte eit kumlokk pluss ein sjekk på 50.000 kroner til Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen. FOTO: HALVOR ULVENES

Stolt av prisen

Ein stolt Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen mottok i går kveld tettstadprisen 2009. – Seljord er ei perle midt i Telemark, sa fylkesordførar Gunn Marit Helgesen ved overrekkinga.

Annonse

KUMLOKK: KUMLOKK: Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (t.v.) overrekte eit kumlokk pluss ein sjekk på 50.000 kroner til Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen. FOTO: HALVOR ULVENES

OVERREKKINGA: OVERREKKINGA: Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (t.v.) overrekker skjekken til ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Halvor Ulvenes

KOSTE SEG: KOSTE SEG: Publikum koste seg på Lomodden i går kveld.

Annonse

SELJORD Prisen frå Telemark fylkeskommune består av eit kumlokk frå Ulefoss Jernværk samt ein sjekk på 50.000 kroner. Kommunen kan få 100.000 kroner til om kommunen trår til med same beløpet.

– Me vil nok bla opp her, seier Solveig Sundbø Abrahamsen i sin kommentar til Varden.

Ho fekk prisen for prosjektet «Seljord og sogene».

Stort publikum

Overrekkinga fann stad på garden Lomodden midt i sentrum i samband med Seljordspelet og Seljorddagane.

– Eg er stolt. Og så er det litt spesielt at Seljord får prisen for andre gong. Prisen forpliktar og eg håpar at fylkeskommunen – som har vore ein god samarbeidspartnar – kjem med meir støtte, seier Solveig Sundbø Abrahamsen som overrekte blomar til prosjektleiar Harriet Slaaen for god jobb.

Samrøystes

Fylkesordføraren fortalte ved overrekkinga at juryen var samrøystes om valet av Seljord, som ho meiner er ein verdig vinnar.

– Dette er eit lokalsamfunn som tek tak i sin eigen stad og utviklar både eigenart og identitet. Seljord tek tak i alle perlene som finst og sogene i kommunen. Dette inspirerer store deler av Telemark, seier Gunn Marit Helgesen.

Ho meiner at løyndommen bak utviklinga i Seljord er at arbeidet med utviklinga av tettstaden har eigarskap og forankring i bygda.

 

 
comments powered by Disqus

Siste nytt