VardenNyheter
GUNNAR EILEFSTJØNN: Sat ved alle bord
HENRY MÆLAND: Styreleiar i Seljord Lys og Seljord Sparebank
HALVOR GRAVE: Starta Telemark Trade
Leiar på lysfabrikken og Seljord Sparebank hadde kontrollen på Telemark Trade AS.
Bustyret bed om rettsleg vurdering på ein del av forholda rundt Seljord Lys og Telemark Trade. I tillegg er det varsla rettslege tiltak mot styret og leiinga.
Det var dagleg leiar i Seljord Lys, Halvor Grave, som starta Telemark Trade i 1994. I 1998 kom sonen Klas Grave, Seljord Sparebank og Seljord Lys inn på eigarsida med kvar sine 25 prosent. Slik var organiseringa fram til 2001 då lysfabrikken enda i eit gedigent flammehav for tredje gong.
Fram til brannen produserte Seljord lys sine produkt på maskinar der fleire var utan teljeverk. Fabrikken mottok sine tilskot frå staten slik AMB-bedrifter skulle ha. Seljord Lys innkasserte 11,8 millionar kroner i tilskot. Problemet med amb-bedrifter er at fortenesta ikkje kan nyttast til aksjeutbytte.
Men salsfirmaet Seljord Trade gjekk så det susa. Selskapet kunne dele ut 2,35 millionar kroner eller 587.000 til Seljord Sparebank, Klas Grave, Halvor Grave og Seljord Lys.
Seljord Trade fekk også avtale der dei fekk fire prosent av all omsetning på lysfabrikken til marknadsføring og salsfremjande tiltak. Denne prosenten kom i tillegg til fortenesta som Seljord Trade rekna seg.
Den same provisjonen mottok også Telemark Trade i perioden etter at fabrikken hadde brent ned. Provisjonen var basert på fiktiv produksjon. Den blei altfor høg. Utbetala salsprovisjon på over 2,4 millionar kroner utgjer meir enn 17 prosent av Seljord Lys sitt faktiske sal i denne perioden, skriv bustyrar Tom Hugo Ottesen og Ulla Wangestad, Knut E. Wikerholmen og Stein Magne Pedersen i årsrapporten.
Bustyret har tatt ut forliksklage mot Telemark Trade med krav om tilbakebetaling. Bustyret peikar også på andre moglege straffbare forhold. Det gjeld Hokksund-selskapet RVS si bygging av ny kontorfløy. Ei bygging som ikkje var med i forsikringsoppgjeret.
Bustyrar Tom Hugo Ottesen seier til Varden at det endå er eit godt stykke att før ein har alle bitane på plass i buet. Ein del av det som framleis blir vurdert er sjølvsagt kva ansvar både dagleg leiar Halvor Grave og styremedlemmene i Seljord Lys hadde.
Bustyret har registrert forholda der også største eigaren i Seljord Lys, nemleg Seljord kommune, burde ha hatt merknader til habilitetsforholda.
Bustyret er heller ikkje ueinige i at det også er revisors oppgåve å påpeike ting i forretningsdrifta som ikkje er i samsvar med gjeldande regelverk, meiner bustyrar Ottesen. Bustyrar viser også til at revisor Kristian Espeland er ein veletablert politikar som har god kjennskap til kva roller ein kan ha utan å koma i strid med habilitetsreglar.
Dåverande dagleg leiar i Seljord Lys, Halvor Grave, har det ikkje lukkast å få kontakt med denne gongen.
- Revisor Kristian Espeland, kva oppgåve meiner du ein revisor bør ha i forhold til bedrifter han er revisor for?
- Ingen kommentar.
- Hadde du som revisor nokon gong merknader til rekneskapa i Seljord Lys?
- Ingen kommentar.
Publisert fredag 11. desember 2009 kl. 15:35.
Varden-TV
Klikk deg inn på Varden-TV.
Nyfødte & Nygifte
Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.
Hva skjer
Se hva som skjer i Telemark.
Opptatt av bil?
Sjekk våre sider om bil og motor.
| P3: | 20:00 | Dagsnytt |
|---|---|---|
| NRK Alltid nyheter: | 20:00 | Dagsnytt |
| P1: | 20:00 | Dagsnytt |
| CNN: | 20:00 | Quest Means Business |
| BBC World: | 20:00 | World News Today |
Få tilsendt linken i en tekstmelding på mobilen din
Ditt mobilnummer:

(80 bilder)
(132 bilder)
(11 bilder)
(10 bilder)
Export =