Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Tilsette fryktar rasering av Posten


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Dei tilsette i Posten fryktar at 3.000 arbeidsplassar og to tredeler av postkontora skal bli lagt ned som følgje av ny postbankavtale.

På sine heimesider skryt Posten av avtala mellom Posten og DnB Nor om vidareføring av Postbanken sine tenester via postkontor, Post i Butikk og landpostboda. Går ein til Internettsida til dei posttilsettes organisasjon, Postkom, ser saka heilt annleis ut. Der heiter det at avtalen set 3.000 arbeidsplassar i fare.
- Me fryktar ei rasering av postkontor. Det vil spesielt ramme distrikta og kvinnearbeidsplassar, seier nestleiar i Postkom Vestfold og Telemark Krets, Ellen Danielsen.
Slår Postkoms frykt til, så meiner Danielsen det vil ramme mange kvinner som har arbeidd heile sitt liv i Posten og som vil ha problem med å finne nye arbeidsplassar. Ho opplyser at det er om lag 100 tilsette på postkontor i Telemark. Postkom fryktar også at to tredeler av postkontora i landet vil forsvinne. I Telemark har me 12. Danielsen vil ikkje gå inn på tal, men ser ikkje nokon grunn for at vårt fylke skal bli mindre hardt ramma.

Misser inntekt

Årsaka til dette er at dei posttilsette meiner den nye postbankavtalen fil føre til at Posten får fleire hundre millionar kroner mindre i inntekt årleg. Samtidig krev eigaren, regjeringa, forretningsmessig drift, det vil seie at Posten skal tene pengar.
- Me fryktar at landpostboda ikkje vil kunne utføre banktenester, seier Danielsen vidare. I dag er det eit krav i Postens konsesjon at han skal tilby banktenester over heile landet. Men Danielsen fryktar at dette kravet kan bli borte og at effektivisering skal ramme landpostbodet. Danielsen opplyser at dei tilsette sine representantar i Postens styret har sag ja til avtalen.
- Dei måtte seie ja, elles ville ikkje Posten ha noko avtale i det heile, men dei støtta ikkje nedlegging av postkontor, understrekar ho.

Må på banen

- Me krev eit likeverdig posttilbod over heile landet. No må samferdsleministeren på banen. Torild Skogsholm kjenner til konsekvensane, men har ikkje sagt eit pip, seier Torunn Hovde Kaasa, Senterpartiet. Hun fryktar at hele Posten skal forvitre.
- Stortinget oppheva Postens einerett, mot Sps røyster. Regjeringa sa under behandlinga i vår at posttenestene i distrikta ikkje skal bli svekka. No må samferdselsministeren seie kva ein tenker med framtida til Posten, krev Hovde Kaasa. Ho lovar at dersom det blir ei raudgrøn regjering til hausten så vil dette bli ei høgt profilert sak.
Ho skjønnar heller ikkje korleis Posten sjølv kan dekkje til det som skjer.


(Arkivartikkel fra 04.07.2005)

Publisert fredag 11. desember 2009 kl. 16:36.

Annonse

Snarveier

Snarvei: Varden-TV Varden-TV

Klikk deg inn på Varden-TV.

Snarvei: Nyfødte Nyfødte & Nygifte

Se våre bildegallerier av nyfødte og nygifte.

Snarvei: Hva skjer Hva skjer

Se hva som skjer i Telemark.

Snarvei: Bil og motor Opptatt av bil?

Sjekk våre sider om bil og motor.

Odd- Bjorkoy

Kornsirkler på Ballestadhøgda

Odd - br

Se flere videoer

Søk i skattelistene
for 2008

Nyheter på tv/radio

NRK Alltid nyheter: 13:03 Alltid Nyheter
P1: 13:03 Distriktsnyheter
DR1: 13:05 Aftenshowet 2. del
NRK 2: 13:05 Distriktsnyheter
NRK 2: 13:05 fra Sør- og Nord-Trøndelag

» Gå til TV Guiden

Annonse