To hester brant inne fredag kveld. ALLE FOTO: Halvor Ulvenes

To hestar brant inne

To hestar omkom da driftsbygningen på garden Espeseth i Bø brann ned i 22-tida fredag kveld. Den 71 år gamle eigaren vart kjørt til sjukehus i ambulanse.

Annonse

Annonse

Brannalarmen gjekk klokka 21.54 og etter kort tid var både brannvesenet, politi og ambulanse på garden. Espeseth ligg rundt 3 kilometer vest for Bø sentrum og på sørsida av riksveg 36.

Totalskadd

Huset vart raskt overtent og livet dei to hestane stod ikkje til å redde. Våningshuset på Espeseth var ikkje truga av flammene.
Driftsbygningen vart sett op i 1962. Eigaren har i fleire år drive med hestar. Årsaka til brannen er ikkje kjend.
Tunet vart fullstendig islagt i slokkingsarbeidet. Det samla seg og ein del tilskodarar på åstadensom i følgde med på dramaet.

Gnistregn

Det var naturlegvis stor røykutvikling og ein del gnistregn da driftsbygningen brann ned. Veterinær vart og orientert om brannen, i følgje politiet sin rapport fredag kveld.

Brannskadar

- Ein mann på 71 år blei kjørt til sjukehus med ambulanse. Mannen fekk brannskadar på hender og øyrer, det er andregradsforbrenning.  Mannen prøvde å redda hestane sine utan hell, opplyser politiet.

Veterinær er orientert om brannen.

Dei to hestanen heit Bø Kail og Hålands Elden.

 


 

 



Jobb i Telemark (193)