ORIENTERTE

ORIENTERTE: Børge Skårdal frå Haukelivegen orienterte. FOTO: HALVOR ULVENES (FOTO: HALVOR ULVENES)

– Tunnel gjennom sentrum?

Kommunestyret sa i går kveld samrøystes ja til ein invitasjon frå AS Haukelivegen om utgreiing av alternative trasear gjennom Bø sentrum.

Annonse
Annonse

Tunnel gjennom Bø for å hindre bruk av dyrka mark er eit alternativ, ifølgje eit notat frå Asplan Viak.

Selskapet er engasjert til å gjennomføre prosjektet. Av notatet framgår det mellom anna at det er viktig å ta omsyn til næringslivet, landbruk, eksisterande bygningar, trafikkavvikling, kulturminne og kostnader.

Facebook-knapp kommer her

Børge Skårdal frå Haukelivegen AS hadde ei utgreiing for politikarane, før dei sa ja til invitasjonen. Skårdal sa at det gjeld å finne løysingar som er tenlege både for Bø-samfunnet og riksvei 36.

10 år fram i tid

– Det gjeld å sjå 10 år fram i tid. Det vil skje mykje på Vestlandet i denne perioden, så ein reknar med at trafikken over Haukelifjell vil doble seg. Me vil prøve å leggje vegen forsiktig på utsida av Bø sentrum, sa Skårdal.

Prosjektgruppa består av representantar for AS Haukelivegen, Bø kommune og Statens vegvesen.

Planen skal presenterast for kommunestyret i Bø før ferien.

 

Kommentarer på varden.no

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.
Les mer om våre regler og moderering.




Jobb i Telemark (193)