Nav-direktør Terje Tønnessen
Utbetalingar til sjukefråver ned
Det ser ut til at utbetalingane til sjukefråver i går nedover.
TELEMARK - Vi har sett ei utflating, og no endeleg har utbetalingane gått ned. Det seier direktør i Nav Telemark, Terje Tønnessen.
Første halvår har utbetalingane knytt til sjukefråver gått ned med 32 millionar til 503 millionar kroner, samanlikna med i fjor.
Nytt regelverk
Han trur at det nye regelverket har vore medverkande til den positive utviklinga. Det pålegg arbeidsgjevaren å ta kontakt med den sjukmelde tidlegare. Tønnessen understrekar at det er viktig å kome i gang tidleg.
Me må starte tidleg, med førebygging og tiltak tidleg i sjukmeldingsperioden for å få sjukefråveret ned. Når sjukefråveret går ned, går utbetalingane ned, seier Tønnessen.
Navdirektøren meiner også det er god effekt av IA-bedrifter der bedriftene tek arbeidet med inkluderande arbeidsliv seriøst.
Han har ikkje noko tal for korleis fylket ligg an på utbetalingar, men opplyser at også i første kvartal i år låg Telemark høgt på sjukefråversstatistikken, fylket har slite med høge tal.
Gode tider
- Det er ein god arbeidsmarknad, det har hjelpt. Nå må me bruke det for å halde folk i jobb, seier Tønnessen.
Han håpar å kome vidare ved å nytte nye verkemiddel ein har fått tilgang på, som kjøp av helsetenester. Og han håpar utviklinga i tala gjer at ein kan diskutere korleis einskal jobbe annleis for å få meir framgang, ikkje diskutere sjølve sjukelønsordninga.
(Arkivartikkel fra 13.09.2007)






















