PLUKKER: Unger ved barneskolen i Hjartdal får instruksjon om hvordan de skal plukke bort lupinblomstene. FOTO: FRODE ODBERG

Vil ha bort lupinen

Annonse
Annonse

HJARTDAL Veka før Slåttefestivalen rettar Kulturlandskapssenteret og Hjartdal borneskule fokus på slåtteeng og vegkantar, med "Aksjon plukk lupin".
– Gjerne til inspirasjon for andre bygder med hjarte for kulturlandskapet sitt, seier dagleg leiar ved kulturlandskapssenteret, Ingvill Marit Buen Garnås.
Vegvesenet og andre har sådd lupin inntil for få år sidan. Ifølgje Garnås har dei no skjønt betre.
– Lupinen hamna i 2007 på svartelista, saman med andre planter som ikkje høyrer heime i norsk natur. Lupin har også etablert seg langs vegkantane i Hjartdal og dette ynskjer Kulturlandskapssenteret og bygda å gjera noko med. Ungane i Hjartdal skule nyttar denne veka til "Aksjon plukk lupin". Kanskje kan det inspirere andre bygder til å gjera det same. Lupinar er veldig vanskelege å bli kvitt. Kvar lupin har mange hundre frø, og frøa kan leve 50 år i bakken. Dei fleste artane er fleirårige, og har lange kraftige røter. Røtene er ikkje lette å utarme, i og med at planta bind nitrogen frå lufta. Skal eit område reinskast for lupin, krevjast det normalt ein innsats over fleire år, seier ho.


(Arkivartikkel fra 12.06.2008)