HUSMANNSÅND: - I Noreg er det ei husmannsånd i forhold til eigen musikk, seier Torgeir Straand.
Vil ha fele-TV
Folkemusikaren Torgeir Straand vil ha faste program om felemusikk på NRK TV kvar einaste veke.
BØ - Me har ei husmannsånd i forhold til vår eigen musikk. Det bør kome ein fast post om slåttespel og folkemusikk i fjernsynet kvar einaste veke. NRK er mellom dei institusjonane som har eit spesielt ansvar for å halde oppe desse tradisjonane. Folkemusikkhalvtimen i radioen er blitt veldig utvatna, seier den kjende felespelaren til Varden.
Gløymer
- Situasjonen i dag er at me gløymer vår eigen musikk. Eg trur leiinga i NRK er redd for at folk ikkje skjønar slåttespelet. Den skal helst serverast saman med annan musikk, seier 25-åringen, som nettopp har vore på ei større rundreise i USA. Med der var mellom andre folkemusikar Sara Fjågesund frå Seljord. Saman med Olav Sem hadde ho dansekurs på ein ski- og danseweekend i Vermont.
Misunning
På turen fekk dei sjå at utlendingane ser opp til norsk folkemusikk.
Tidlegare hadde me same synet på bunader, men dette har snudd. Mange andre land misunner oss både dei gamle bunadene og slåttemusikken. Mange nasjonar har fått øydelagt sine kulturuttrykk av kommersialiseringa og mindreverdskompleks. Dette har FN teke konsekvensen av og Unesco arbeider aktivt for å ivareta den immaterielle kulturarven. Dette vart ratifisert av stortinget i desember. Amerikanarane har nok popmusikk sjølve. Derfor må Noreg dyrke den særeigne musikken, som danna grunnlag for både Ole Bull, Edvard Grieg og Johan Halvorsen. Å få det som fag i skulen er viktig, understrekar Straand.
Typisk norsk
Han meiner at det finst ingen grunn til at Noreg ikkje skal fremje det som er typisk norsk.
Noreg gjer det godt i næringslivet, men det er og viktig å halde særpreget innanfor musikken. Etter krigen blei den norske kulturen brukt av fyrste generasjonen med innvandrarar, men så vart det viktig berre å vere amerikanar. No er folk i statene desperate etter å finne att røtene sine. Ein av sjefane på Metropolitian Museum hadde ein cd med Hauk Buen, som var hans favoritt, seier Torgeir Straand.
Bruk instrumenta
Ei anna oppleving frå statene gjeld bruken av gamle instrument.
I USA vert instrumenta etter dei store musikarane bruka. Deira haldning er bruk eller la det gå tapt "use it or loose it" som er deira talemåte. Denne haldninga skuldast nok at instrumentmakarane har ansvaret for klenodia, medan her i landet er det konservatorane som styrer den delen, avsluttar Torgeir Straand.
(Arkivartikkel fra 22.02.2007)















