OVER ENDE: Joletreet på Findalen-torget i Kviteseid knakk tvert av. FOTO: HALVOR ULVENES

Vinden tok treet

Joletreet på Findalen-torget i Kviteseid sentrum knakk tvert av i vindkasta.

Annonse
Annonse

– Det har vore joletre der i årevis, men noko liknande har ikkje skjedd tidlegare. Ein gong blei joletreet kjørt ned, seier Gunnar Ruud som er leiar i Kviteseid Næringslag.

Det er laget hans som har sett opp treet for å skape jolestemning i bygda.

– Dette skjedde på fyrste joledag om kvelden etter straumbrotet. Det er trist, men no blir det nok ikkje noko nytt joletre på torget før om eitt snaut år, seier Gunnar Ruud.

 



Jobb i Telemark (193)