KULTURKOMMUNE: Arne Vinje har halde si takketale etter at Vinje kommune i dag blei kåra til Norges kulturkommune.

Vinje blei Norges kulturkommune

Vinje er nettopp kåra til Norges kulturkommune. - Dette er til stor inspirasjon, seier ordførar Arne Vinje.

Annonse
Annonse

- Dette er ikkje ein pris til kommunen, men fyrst og fremst ein pris til innbyggjarane i Vinje kommune- Det er til stor inspirasjon, seier den stolte ordføraren.

Det er Norsk kulturforum som deler ut prisen Norges kulturkommune og i si grunngjeving for nominasjonen skriv dei:

"Vinje kommune er nominert for sin planmessige forankring og systematiske satsing på kunst og kultur, sin sterke bevissthet om egen kulturelle identitet og dennes betydning for lokalsamfunnet".

Utdeling på Stortinget

Utdelinga føregjekk på Stortinge i dag, og det var leiaren for familie- og kulturkomiteen, May-Helen Molvær Grimstad som stod for sjølve tildelinga.

Vinje kniva med kommunane Karmøy og Modum.


(Arkivartikkel fra 03.02.2009)
 



Jobb i Telemark (178)