PÅ KONSERT: PÅ KONSERT: Publikum koste seg på konsert i Holtardalen i Rauland i ettermiddag. MMS-FOTO: TORE ØYVIND MOEN

Koste seg med CC Cowboys

Sjølv om vergudane ikkje viste seg frå si beste side, var det folksamt i Holtardalen i Rauland i ettermiddag. Publikum koste seg med tonar frå banda John Snow og hovudattraksjonen CC Cowboys

Annonse
Annonse

Det er vanskeleg å fastslå eksakt publikumstal, men truleg var det i området 1.000 menneske som lytta til konserten.

Oppvarming

Etter fin oppvarming av det lokale bandet John Snow frå Skien, sette CC Cowboys frå Fredrikstad i gang i 15-tida.
Før det var det stort sett snøver og heller surt, men da det kjende bandet entra utescena kunne ein så vidt skimte sola på himmelen.

Varma publikum

Det var openbart ei kald fornøying å stå på utescena, noko musikarane og gav uttrykk for. Men dei varma openbart publikum. Rockebandet frå Fredrikstad fekk opp stemninga utover ettermiddagen, etter som musikarane serverte den eine slagaren etter den andre. Det er i år 20 år sidan CC Cowboys kom gav ut det fyrste albumet.

 

Kommentarer på varden.no

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.
Les mer om våre regler og moderering.




Jobb i Telemark (193)