Svoltne huldrer og ein sliten konge må ha lys og varme frå menneska for å overleve.
Svoltne huldrer og ein sliten konge må ha lys og varme frå menneska for å overleve. Foto: Tone L. Reinholt

Telemarkshuldrene er klare for Broadway

Unge huldrer frå innerste Sauheradsfjella skal innta Broadway tysdag 12. november.

Mest gøy og ørlite skummelt. Dei 25 elevane ved musikklinja på Seljord folkehøgskule har fått tilbodet alle teater- og musikkelevar kan drøyme om: Få stå på scena på Broadway.

Fredag 8. november reiser dei, pluss 15 andre handplukka ungdomar frå Telemark, over there, til den nesten 30 kilometer lange gata på Manhattan i New York som ber namnet Broadway.

På same scena som Frank Sinatra, Liza Minnelli og mange andre store artistar har stått, skal ungdomane framføre 15 minutt av Evjuspelet 2014, «Huldresølvet».

– Det er ei unik erfaring for oss, seier lærar og manusforfattar Roar Klever Bøye.

Skal lære

Ein kombinasjon av flaks og kontaktar har ført til at ungdomane frå Seljord får lov å delta på ein tre dagars workshop, der dei lærer ekte Broadway-musikal.

Lærarane Roar Klever Bøye og Lene Wadseth gler seg til å ta med 35 ungdomar frå Telemark til Broadway.
Lærarane Roar Klever Bøye og Lene Wadseth gler seg til å ta med 35 ungdomar frå Telemark til Broadway.

– Det blir audition og førebuingar som syner kor hardt dette er. Me fekk lov å velje eige repertoar, og sidan det er ei stor satsing på Evjuspelet til våren, valde me dette. Me sende eit forslag og dei tykte det var artig, fortel Bøye.

– Er alle klare, spør danselærar Lene Wadseth.

– Ja, svarar huldrene og den einaste kongen og guten i flokken.

På menneskejakt

Lyset blir slått av, spotlys blir slått på, musikken startar. Ein konge utan livsgneist sit oppå ei kiste som inneheld huldresylv. Han er heilt utmatta og tom for energi.

Huldrene hveser og smyg seg rundt han. Dei er ikkje nøgde. Dei manglar lys og varme, som dei må ha for å overleve inne i det mørke berget. No krev dei at kongen blir med ut og fangar menneske. Songen og dansen eglar kongen opp, og dei reiser ut på jakt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forbanna sylv

– Historia til Evjuspelet har utgangspunkt i ei lokal segn frå Sauherad, seier Bøye.

– Klevarsylvet er forbanna og alle som ber desse søljene har fått alvorlege sjukdomar, held han fram.

I tillegg fortel soga om to brør som er forelska i same jenta. Jenta veit ikkje kven ho skal velje. Til slutt får den eine broren hjelp frå huldrene til å ta livet av konkurrenten.

– Historia har alle ingrediensar og skal framførast på Evjutunet neste sommar, som ein del av 200-årsmarkeringa av 1814, seier Roar Klever Bøye.

Men fyrst blir det tur til Broadway.