BESTE PLASSEN: For Anne Vågen Skindalen er barndomsheimen på fjellet beste plassen på jord. ALLE FOTO: FREDRIK PEDERSEN Foto: Fredrik Pedersen

Anne har sitt paradis i fjellheimen - ville blitt sjuk av å bu andre stader

Ho har budd 58 år utan vegsamband. Anne Vågen Skindalen seier at ho ville blitt sjuk av å bu andre stader.

MØSSTROND

(Artikkelen ble først publisert klokken 08.13)

- Naturen her var det fyrste eg såg. Frå eg var to år gamal, plasserte mamma meg i ein pappeske, for å ha kontroll på meg under slåtten og anna utearbeid. Eg må vakne opp til elva som sildrar, sjå fjella, skogen og sola som blenkjer i vatnet. Naturen med dyrelivet er fantastisk. Ein gong hadde eg rundt 150 rein som beita i dalen her. Utan desse kvalitetane hadde mistrivselen vore så stor at eg ville blitt sjuk, seier den blide og imøtekomande møsstrondingen.

FIREHJULING: Ho må bruke både firehjuling og båt for å kome seg til "sivilisasjonen". Foto: Fredrik Pedersen

Fantastisk utsikt

Ho sit ved kjøkenbordet i barndomsheimen, eit rom som byr på fantastisk utsikt mot det fire kilometer lange Skinevatnet og fjellheimen kring 940 meter over havet. For henne er Skindalen sjølve paradiset og beste plassen på jord. Der fører ho over 120 år gamle tradisjonar vidare frå forfedrane.

NEI TAKK: Fridom er langt viktigare enn ekteskap. Foto: Fredrik Pedersen

Stolt av oldemor

I Skindalen er det funne spor av busetting tilbake til jernaldern, men under Svartedauden blei Møsstrond tømt for folk. Oldeforeldra til Anne, Kari og Håvard, busette seg der i 1890-åra og tok Skindalen som familienamn - slik det var vanleg på den tida.

Oldemora var ei staut kvinne som gjekk på tresko over toppane til slåttemarkene på fjellet.

- Eg er stolt av det oldemor gjorde, seier Anne. Etterpå har det heile tida budd folk på den flotte og veglause garden på Møsstrond.

KLØYVER VED: Anne Vågen Skindalen kløyver veden sin sjølv. Foto: Fredrik Pedersen

Båt og firehjuling

Den ligg så langt frå larm og ståk i byen som det nesten er mogeleg å kome i Telemark. Bilturen frå sentrum av Rauland til Varland tek ein snau halvtime. Deretter er det rundt ei mil med båt inn til steinhuset på Hamaren. Anne fraktar så fotograf og journalist med firehjuling og ein liten hengar fem kilometer på gardsvegen frå Møsvatn til Skindalen. Nokre veker haust og vår er ho heilt isolert når isen på Møsvatn ikkje er trygg for ferdsel.

Ho eig Vestre Skindalen med kring 26.000 dekar med fjellterreng, men bur på Austre Skindalen som er skilt ut med eige gards- og bruksnummer.

ALDRI EINSAM: Spørsmålet om einsemd er det dummaste ho kan få. Foto: Fredrik Pedersen

Bygde opp garden

Besteforeldra Ågot og Olav Skindalen fekk kjøpt heile eigedomen på 52.000 dekar i mellomkrigstida for ein billig penge. Ho kjenner ikkje prisen. Dei bygde opp det gamle tunet, og skilde seinare eigedomen i to. Dottera Signe fekk Vestre Skindalen og broren Halvor - og onkel til Anne - vart eigar av Austre Skindalen. Den parten vart for få år sidan selt til skipsreiarfamilien Ugland i Grimstad for nær 20 millionar kroner.

Foreldra til Anne, Signe og Anfinn Vågen, sette opp dei nyaste bygningane på garden. Også foreldra er borte no. Mora Signa blei berre 65 år gamal. Ho døydde av kreft i 1995 medan faren gjekk bort elleve år seinare, nær 83 år gamal, etter å ha falle på isen på Varland. Sidan har eldste dottera Anne budd heilt åleine på Skindalen.

MÅ PLANLEGGE: No har Anne handla inn for vinteren. Neste tur på butikken blir i mars. Foto: Fredrik Pedersen

Skulen eit mareritt

Anne har ingen vanskar med å dokumentere at for henne er det heilt meiningslaust å bu andre stader. Skuletida på internatskulen på øya Hovden på Møsstrond karakteriserer ho som eit lite mareritt. Ho lengta heime til fridomen på Skindalen. Tida på internatet var for henne eit regime med tvang som ho hata. Ungdomsskulen i Rauland var ikkje eit hakk betre.

Tok brevkurs

- Da eg skulle opp i 8. klasse, blei eg plassert hjå ein heilt framand familie. Dei var veldig greie, men eg lengta så heim at eg nekta å gå siste året på ungdomsskulen. Leiinga der lurte nok på kva dei skulle gjere med denne jentungen. Det enda med at eg fekk ta niande klasse heimanfrå som korrespondansekurs via NKS. Det har aldri vore snakk om at eg skulle bu nokon annan plass enn her, seier Anne med eit smil.

NYDELEG UTSIKT: Utsikten i Skindalen er prima. Foto: Fredrik Pedersen

Dumt spørsmål

Sidan har ho budd på Skindalen, med unntak av nokre få veker etter konfirmasjonen som gardjente hjå slektningar i Tinn. Ho har vore på utanlandsturar - både i Amerika og i syden - og hatt stor glede av desse utfluktene, men det er alltid godt å kome heim att.

Det dummaste spørsmålet Anne på Skindalen kan få gjeld einsemd.

- Hadde eg vore einsam, ville eg sjølvsagt ikkje budd her oppe, svarar ho kontant. .

TV viktig

- Eg har telefon og kan slå på tråden til vener og kjente når eg har lyst på ein prat. Eg blir nesten gal viss fjernsynet klikkar. Saman med telefon og fryseboksen er dette viktigaste eg har her inne, legg ho til.

Straumen kom til gards i 1952 og 15 år seinare blei telefonlina lagt i vatnet. Internett via Radio Link Vest-Telemark har Anne hatt i rundt ti år. Møsstrondingen - som kallar seg eit skikkeleg b-menneske - likar godt å jobbe med digitale bilete i det som kallast "Photoshop". Der har ho lyst til å perfeksjonere seg vidare.

Fiskar med garn

Ho sikrar seg matauk med garn i Skinevatnet, og på fritida elles koplar ho godt av med både strikkepinnar og TV-seriar til langt på natt.

Anne seier at ho er forsiktig ute i naturen, vel vitande om at dersom ho skader seg, er det ingen som høyrer rop i dalen som er utan mobildekning. Vêret kan vere barskt i fjellheimen, og på slike dagar held ho seg innandørs

HENTAR POSTEN: Posten blir henta i steinhuset på Hamaren, fem kilometer frå heimen. Foto: Fredrik Pedersen

Aldri på Facebook

Ho held seg langt unna sosiale medium som Facebook og Instagram.

- Der kjem eg aldri, slår dronninga på Skindalen fast.

Ho saknar kyrne som blei sendt til slakteriet for sju år sidan. Anne likte livet som beitedyra skapte utanfor husveggane, men er sjeleglad for at ho slepp fjøsstellet 365 dagar i året.

Stivbeinte reglar

- Eg slutta som ein kombinasjon av stivbeinte reglar og at gardsguten min Jon Hovden vart for gamal til å hjelpe til i slåtten. Ifølgje Mattilsynet var vatnet inne på fjellet ikkje reint nok til å produsere smør. Den produksjonen var ei viktig inntektskjelde for meg. Du finn ikkje klarare vatn enn her inne på Møsstrond. Eg synest det var heilt vanvitig, og undrar meg kvifor dei ikkje kunne ta prøver av smøret som eg leverte. Det var jo det kundane skulle ete, seier Anne, ikkje så lite oppgjeve over det statlege byråkratiet.

Baksida av medaljen

På Skindalen har ho fridomen, men seier at baksida av medaljen er beskjedne inntekter.

- Etter at fjøset blei tomt, har eg berre jaktinntektene, fortel Anne som ikkje legg skjul på at det tidvis kan bli smalhans.

Nøye planlegging

Uansett krev eit slikt liv nøye planlegging. Sist måndag gjorde ho den årlege handleturen før vinteren til Spar i Rauland. Der kjøpte ho inn nødvendige varer heilt fram til mars. Mjølk kjøper ho av ein bonde i Rauland. Anne lagar smøret sjølv, og frys elles ned mjølka for at ho skal ha nødvendig tilfang utover vinteren. Medan mange er i kolonialbutikken nesten dagleg, tek Anne turen dit berre nokre få gonger i løpet av eitt år.

DEN SISTE: Eg blir nok den siste som bur her oppe. Foto: Fredrik Pedersen

Suge på labben

- Mamma var veldig flink til å planleggje. Etter at ho gjekk bort, bomma eg nokre gonger. Framleis kan eg some tider mangle noko eg har lyst på, men da er det berre å suge på labben. Eg kan få ettersendt varer med posten som kjem tre gonger i veka til Møsstrond. I den bare årstida blir den levert i Steinbua på Hamaren. Vinterstid kjem postmannen Magnar Skinnarland inn på tunet med snøskuter, seier Anne som da av og til kan by på både middag, kaffi og god prat.

Ikkje fornøgd

Sjølv har ikkje Anne noko køyretøy på Varland, men er avhengig av skyss med andre når ho skal ned til Rauland.

- Eg har aldri hatt sertifikat eller køyrt bil, seier ho.

Livet i Skindalen har sjølvsagt vekt oppsikt. For mange år sidan var ho med i TV-programmet "Ut i naturen". Det fall ikkje i smak, fordi Anne følte at programleiaren skapte eit anna bilete av livet i heimen enn det som er realiteten.

Blei kjendis

For snart ti år sidan var Oddgeir Bruaset og hans team på plass for å lage NRK- programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

- Bruaset var flink og grei å samarbeide med, seier Anne.

Lenge etterpå blei ho kjent att, til dømes både på bensinstasjonen og kroa på Kongsberg.

PÅ FARTEN: Det var friarar på farten etter at Anne blei rikskjendis for åtte år sidan. Foto: Fredrik Pedersen

Friarar på farten

- Det kom kanskje friarbrev også?

- Eg fekk fleire telefonar. Ein trønder ringde og fortalde at han hadde gard. Ein kar frå Lier var også på farten, men båe delar var totalt uaktuelt, slår Anne fast.

Tidleg i livet bestemde seg for å vere singel.

- Eg kan ikkje tenkje meg å ofre fridomen for å ta omsyn til eit anna menneske. Og så har eg aldri treft nokon som passar. Det må skje av seg sjølv. "Date" blir veldig teit for meg.

Heilt uaktuelt

Anne er sjølvsagt klar over at ho sit på svært store verdiar i Skindalen, men sal av både gard og hyttetomter er heilt uaktuelt.

- Det er så lite natur igjen i dette landet at den skal ikkje eg byggje ned med tomter. Det er banna bein.

ALDRI: Facebook er ikkje noko for Anne. Dit skal ho aldri. Foto: Fredrik Pedersen

Blir den siste

- Kva med staden som framtidig buplass?

- Her kjem det ikkje til å bu nokon etter meg. Da må det i så fall kome slike tider at folk må ta all jord i bruk. I beste fall blir det ein fritidsbustad, men eg fryktar at naturen vil ta tilbake Skindalen. Sjølv håpar eg å få døy her oppe, og sleppe livet på institusjon. For meg vil det vere ei katastrofe, men treng ein hjelp, er det ingen veg utanom.