KONSEKVENSAR: Me menneske har lett for å bagatellisere konsekvensar av inngrepa me gjer. På Rauland har inngrepa nå blitt så store at det bør vera mogleg å få auga på dei, skriv Sindre Hestdalen. Biletet er frå Holtardalen. Foto: Knut Heggenes

1000 hyttetomter...

...er alt regulert og klare til bygging på Rauland (750 innafor planområdet Rukkemo-Torvetjønn og 250 andre stader i Rauland).

La oss innsjå det: Den gamle ideen om det enkle hyttelivet stemmer ikkje. Moderne hytter er ei stor belastning på energibruk, natur og klima.

Me elskar natur med store opplevingsverdiar der økosystemet er intakt. Oftast er det natur menneska ikkje har klussa til med ulike inngrep. Slike område blir attraktive økonomisk, og Rauland er eit slikt område. At det alt er bygd 2683 fritidsbustader og i tillegg 311 under oppføring berre i planområdet Rukkemo-Torvetjønn syner det betre enn noko anna.

Å dele opp areal i firkantar og selje til høg pris er ein måte å nytte attraktiv natur på. Når dette får stort omfang er det som å skite i eige reir. Det som var attraktivt blir det ikkje lenger.

Me menneske har lett for å bagatellisere konsekvensar av inngrepa me gjer. På Rauland har inngrepa nå blitt så store at det bør vera mogleg å få auga på dei. Det er på tide å vise respekt for at innbyggarar og fritidsgjester i framtida skal kunne bruke og gle seg over det som er att.

Å tru at ein gjer det beste ved å peise på med 600 tomter i tillegg til det som alt er vedteke, er å ta frå framtidige generasjonar moglegheiten til å sjå, og nytte verdiane på ein annan måte.

At politikarane våre seier stopp utover det som alt er bygd og tomtegodkjent kan ikkje vera for mykje å be om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sindre Hestdalen