TRYGGLEIK: For oss er tryggleiken til både innbyggjarane og hyttefolket i og rundt Vinje like viktig som for folk elles i landet, skriv Jon Rikard Kleven og Åslaug Sem-Jacobsen. Foto: Arkiv

«At høgrepolitikarane set likskap mellom redningshelikopter og luftambulanse, er problematisk»

Svar til Solveig Sundbø Abrahamsen og Erlend Larsen.

I Varden og VTB 12. oktober skriv stortingsrepresentantane for Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen og Erlend Larsen at dei no har skifta meining om at det er behov for ein base for luftambulanse til Vinje. Grunngjevinga er kort summert at det blir kjøpt inn nye redningshelikopter med høgare flyfart. Beredskapen blir då god nok utan luftambulanse, meiner dei. Dei skriv vidare – og Abrahamsen uttaler i redaksjonelt oppslag i Varden same dag - at regjeringa no har svara ut Stortinget sitt vedtak frå 14. mai 2020 der det heiter:

«Stortinget ber regjeringen komme til Stortinget med en egen sak om basestruktur for luftambulansen i Norge, som må omfatte Innlandet og Bykle/Vinje, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2021.»

Det nye redningshelikopteret som dei viser til heiter AW101 og har blitt kjøpt inn og fasa inn i Noreg i perioden 2018 – 2021. Dette er altså ikkje noko nytt som kom no i haust, men dette var kjent i mai, og dette var kjent i 2019 og 2018. Vi er undrende til at dette førte til at dei endra synspunkt i oktober i år.

Regjeringa Erna Solberg sitt svar på Stortinget sitt vedtak frå 14. mai 2020 finn ein i Prop. 1 S 2020-2021 (Helsedepartementet sitt budsjettdokument frå 7. oktober), s. 116-117. Her skriv Høgre-regjeringa at dei meiner ei responstid på 45 minuttar når så mange folk at det ikkje er trong for ein base for luftambulanse i Vinje. Regjeringa skriv ikkje eit ord om nye redningshelikopter. Det er då ganske klårt at dette er argumentasjon kun frå Abrahamsen og Larsen, og ikkje regjeringa sitt svar på stortingsvedtaket.

At dei same to høgrepolitikarane set likskap mellom redningshelikopter og luftambulanse, er også problematisk. Redningshelikopter har eit anna primæroppdrag enn luftambulansen, og det vil neppe dekke eksisterande og veksande mengde luftambulanseoppdrag.

Då står det att å registrere at Høgre ikkje ynskjer at dei som bur og oppheld seg i denne delen av Telemark, skal få ta del i den akuttmedisinske utvikla som resten av landet. Det synet har ikkje vi i Senterpartiet. For oss er tryggleiken til både innbyggjarane og hyttefolket i og rundt Vinje like viktig som for folk elles i landet Difor kjem vi til å jobbe hardt for å få på plass luftambulansen som trengs i Vinje.

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (SP)

Ordførar Jon Rikard Kleven (SP)

Les også
Nytt redningshelikopter gir god beredskap i hele Telemark
Les også
Nå har stortingspolitikeren skiftet mening om luftambulansebase