Bit for bit byggjast naturen ned

svar til Midt-Telemark kommune om Store Damtjønn hyttefelt

I eit lesarinnlegg i Varden 15. juni, svarar ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og utvalsleiar Øystein Slettebø oss i Naturvernforbundet i høve til Store Damtjønn-hyttefelt i Sauheradfjella. Me synest dessverre at svaret til dels er misvisande, til dømes framstillinga av funna i Asplan Viaks rapport.

Lat oss gjera det klinkande klart med éin gong: Det er ikkje slik at rapporten Naturvernforbundet bestilte, berre var viktig pga. éin ny (nasjonalt truga) raudlisteart. Tvert om er den undersøkte lokaliteten av biolog karakterisert som ein naturtype av nær nasjonal bevaringsinteresse (nær A-verdi), der potensialet for nye funn er betydeleg. Dette er eigentleg ikkje overraskande, i og med at området består av gammalskog med furu- og grantre opptil 300 og 400 år gamle. Slike gammalskogområde er i Noreg i dag truga og sjeldne, men bevaringa av dei er heilt essensielt for å kunne oppfylle krav til ivaretaking av biologisk mangfald. Det er nemleg i slike skogar at førekomstane av raudlisteartar er verkeleg store.

Ordførar og Slettebø hevdar at eit fåtal allereie eksisterande hytter innanfor det planlagde hyttefeltet gjer at området må karakteriserast som påverka og derfor ikkje urørt. Men dette blir feil. Hyttene ordførar og Slettebø visar til, ligg slett ikkje i den naturtypelokaliteten som no er under press – ein lokalitet som biologen karakteriserer som «intakt og upåvirket av nyere tids inngrep/eldre plukkhogstpåvirkning beskjeden». Eksistensen av eit fåtal hytter utanfor det relevante området, kan ikkje rettferdiggjere inngrep innanfor det relevante området – inngrep som er vurdert til å påverke lokaliteten klart negativt.

FNs naturpanel (IPBES) er for naturmangfald det IPCC er for klima. IPBES publiserte 6. mai i fjor ein rapport som fastslo at me står overfor eit alarmerande tap av naturmangfald globalt. Og kva var ifølgje IPBES den største drivaren av denne utviklinga? Jau, det var det som kallast «arealendringar». Nettopp hyttebygging er eksempel på slike arealendringar, og dette er i Noreg i dag ein av hovudgrunnane til at verdifull natur blir øydelagt. Me er både nasjonalt og internasjonalt forplikta (bl.a. gjennom biomangfaldkonvensjonen) på å stanse tap av naturmangfald, og så lenge landets kommunar har eit særskilt ansvar for arealforvalting, må dei også prioritere andre ting enn berre pengar i kassa.

Norske gammalskogar, akkurat som regnskogane i Asia og Sør-Amerika, husar eit stort, viktig, og truga naturmangfald det er viktig å ta vare på. Og kva seier fagperson om korleis gammalskogen i Sauheradfjella bør forvaltast? Dette: «For å sikre naturverdiene best mulig, er det viktig at det ikke hogges eller gjøres tekniske inngrep da verdiene er knyttet til skog hvis verdi betinges av unnlatelse av hogst og annen skjøtsel.»

På bakgrunn av sitatet er det vanskeleg å skjønne kva slags kompetanse kommunen legg til grunn når dei påstår at tilpassingane dei har gjort ivaretek naturverdiane. Kommunen har forsøkt å argumentere med at plantilpassingane har gjort biologens vurderingar mindre aktuelle. Men da bagatelliserer kommunen kor stort eit inngrep det er at ein vegtrasé (av kommunen omtalt som «trillbar sti») skal gå gjennom delar av lokaliteten, og den gravinga og hogsten dette krev. Det intakte økosystemet som gav opphav til den påviste artsrikdommen, vil da bli oppstykka og forringa.

I tillegg vil så mange nye hytter tett omkransande gammalskogen, i seg sjølv også medføre stor slitasje på lokaliteten på grunn av auka bruk av, og ferdsel i, området – stor nok slitasje til at naturverdiar står i fare for å bli øydelagt og at landskapsøkologiske funksjonar forringast (jfr. rapport og notat frå Asplan Viak).

I Naturvernforbundets klage blei det ikkje kravd at heile hyttefeltet skulle skrinleggjast. Me har rett og slett berre kravd at ein del av det takast ut, for å ta omsyn til påvist store naturverdiar. Dei fleste hyttene vil framleis kunne byggjast. Det er derfor vanskeleg for oss å forstå at kommunen har eit slikt einsidig fokus på økonomi at det trumfar alt anna, også faglege råd frå Fylkesmannen. Ja, Midt-Telemark kommune har dårleg økonomi, men det betyr ikkje at alle andre omsyn kan overkøyrast. Er det ikkje snart på tide at natur blir reelt vektlagt i kommunal forvalting, i tråd med nasjonale og internasjonale forpliktingar?

GAMMALSKOG: Naturvernforbundet er oppteke av at gammalskog skal bevarast, og meiner Midt-Telemark kommune vektlegg økonomi meirenn naturen i samband med planlagt hyttebygging ved Store Damtjønn. Foto: Privat