PROBLEM: Kanskje er det lettare å halde liv i historien om kua og drøvtyggjaren som eit problem, skriv Niri Hegnastykket. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB

Den gløymde klimafaktoren

Nå du køyrer forbi åkrar og gjennom snøkledde areal gjennom Telemark på veg til hytta di, tenkjer du kanskje at her var det vakkert.

Norsk kulturlandskap, halde i hevd av bonden. Det er Noreg, slik vi likar å vise det fram til turistar. Slik vi likar å oppleve det sjølv. Men slår det deg at dette kulturlandskapet også er ein gløymd klimafaktor? At åpne landskap har medverka til å gjera kloden litt kjølegere til alle tider? Ikkje det? Ikkje så rart kanskje. Når landbruket - og eg som éin av Tine sine 9000 mjølkebønder frå nord til sør, vert trekt inn i debatten rundt berekraft og klima, handlar det stort sett om biologiske utslepp frå drøvtyggjarar. Metan frå ku og sau. Men at dagens klimarekneskap ikkje inkluderer andre klimaeffekter ved landbruket, høyrer du sjeldan om. Kanskje ikkje så rart. Ku-rap gir litt spenstigare overskrifter.

Men kva med albedo? Kven er det, spør du kanskje? Ikkje så rart. Eg måtte slå opp ordet sjølv første gongen eg høyrde om det. Albedoeffekten handlar om jordas evne til å reflektere sollys. Forskningsmiljøa anslår at åpne landskap med snø – slik vi normalt har på denne tida av året innover i Telemark, reflekterer mellom 60 og 90 prosent av sollyset. Når meir av sollyset blir sendt tilbake, blir kloden litt kaldare. Og sjølv på sommaren kan åpne grasareal reflektere 15-25 prosent av sollyset. Asfalt og hav derimot, reflekterer knapt noko. Då vert varmen frå solstrålene absorbert.

Men i Noreg har vi eit problem. 160.000 norske gardar er lagt ned sidan 1960 – over 25.000 sidan årtusenskiftet. Utmarksbeite vert brukt i mindre grad. Ved inngangen til 1900-talet hadde vi 100.000 stølar. Nå har vi rundt 1000 att. Sakte, men sikkert gror delar av Noreg til. Det skadar det biologiske mangfaldet, og det hjelper ikkje klimaet vårt. Sagt med andre ord: Jo meir kratt og vegetasjon som tar over tidlegare brukte landbruks- og beiteareal, jo mindre sol blir reflektert. Og då har jeg ikkje snakka om beitearealas evne til å binde karbon. Når beitedyr nappar og drar i gras på beite, vert det danna djupe rotsystem som aukar jordas opptak av karbon.

Verken solrefleksjon eller karbonbinding i jord er med i utsleppsrekneskapet for landbruket. Eg som mjølkebonde kan heller ikkje leggja det inn i den digitale klimakalkulatoren som eg nå kan bruke for å rekne på utsleppet frå min produksjon. Heldigvis vert det forska på desse gløymde klimafaktorane, men kanskje ikkje nok?

Kanskje er det lettare å halde liv i historien om kua og drøvtyggjaren som eit problem. Litt rart, forresten. Før 2. verdskrig hadde vi nesten 900.000 mjølkekyr i Norge. Nå har vi 200.000. Metanutsleppa frå den norske mjølkekua er redusert med nærare 160 prosent i same tidsrom (professor Harald Volden, NMBU). Sjølv utan dei gløymde klimafaktorane har utsleppa frå landbruket gått ned med 6 prosent sidan 1990, men utsleppa frå olje- og gassutvinning har gått opp med 71 prosent. Berre slik til opplysning.

Niri Hegnastykket

mjølkebonde i Bø