SJUKEHUSKAMPANJE: Vinjeordførar Jon Rikard Kleven skriv at sjukehuset i Skien driv ei kampanje mot luftambulansebase i Vinje, ein base som han meiner vil løne seg samfunnsøkonomisk. Foto: NTB scanpix

– Det er godt Stortinget tenker større enn sjukehuset i Skien

I Varden sist veke skriv tre anestesilegar i Skien at dei er nøgd med legebilen i Skien, og at det ikkje er så viktig med ein base for luftambulanse i Vinje. Eg registrerer at sjukehuset Skien med administrasjon og legar dei siste dagane har køyrt ein kampanje mot luftambulanse til Vinje.

Tidspunktet for denne kampanjen er ikkje tilfeldig. Helseministeren satte i eit møte i juni i år frist til 1. september for at helseforetaka skulle kome attende med ein oppdatert basestruktur som inkluderte Vinje/Bykle etter fleirtalsvedtaket på Stortinget i mai i år som ba om det. No er målet for sjukehuset å stanse denne positive utviklinga som Stortinget har peika på for heile det indre Sør-Noreg.

Stortinget har sagt er at det skal vere så likeverdige helsetenester som mogleg i Noreg. Dei som bur og oppheld seg i indre Telemark/indre Agder skal få ta del i den akuttmedisinske utviklinga på lik line med resten av landet.

Dette området er det som er dårlegast dekt i Sør-Noreg (saman med Innlandet). I vårt område er det ikkje sjukehus. Det er 100 km frå Åmot til sjukehuset Notodden. 13 mil til Skien og 13 mil til Odda. Avstanden til Skien aukar om du er lenger sør eller vest, til dømes Tokke, Hovden, Vågslid, Røldal eller ein annan plass i eit enormt geografisk område der det ferdast mykje folk, er mykje turistar og bur fantastiske flotte folk som også betalar skatt og er ein del av dette landet. Skal ikkje dei også få ta del i utviklinga av spesialisthelsetenesta og akuttmedisinen i Noreg? Det er tida fram til pasient som er heilt avgjerande ved hjarteinfarkt, hjernebløding, traumeskader m.m..

Anestesilegane skriv om erfaringa med legebilen. Det er underleg at dei heller ikkje skriv om erfaringane med påskebase for luftambulanse som vi har hatt på Rauland og Hovden i fem år. Der rykker luftambulansen ut fleire gongar pr. dag i snitt enn det legebilen i Skien har gjort. Anestesilege Sollid forklarte på eit møte i Åmot i fjor kor viktig det var å få ein luftambulanse til Vinje/Bykle.

Legebilen kostar kr. 11 mill. Den er ikkje døgnbemanna. På kveld/natt/helg kan ikkje politiet garantere responstid i Vinje på under 2 timar, og erfaringane til brannvesenet i Vinje er at dei 2 timane alt for ofte går før politiet kjem. Korleis ser anestesilegane for seg at dei skal klare ein betre responstid enn politiet?

Dei skriv at det er så mykje dårleg ver i Vinje. Dette er fri synsing frå anestesilegane, og det er trist at dei snakkar ned ein base ut frå fri synsing – som er feil. Meteorologisk institutt har vurdert dette annleis i sin rapport «Meteorologisk vurdering av mulig base for luftambulanse sør for Hardangervidda», frå 2016.

Så til pris. Ein legebil kostar kr. 11 mill. Responstida i dette fjellområdet med det vegnettet og den vegstandarden vi har er ein heilt annan for ein bil enn eit helikopter. Eg talar om eit område når det skjer noko på Gaustablikk, Nore Uvdal, Hovden, Vågslid, Vrådal, Rauland, Røldal eller Notodden. Eit helikopter har ei flytid på under 20 minuttar til alle desse områda, og mange mange fleire område. Kostnaden med å bygge ein base for luftambulanse, drifte ein base og skattekostnaden med å få inn pengane kostar samfunnet kr. 64 mill. pr. år, jfr. Samfunnsøkonomisk Analyse sin rapport «Samfunnsøkonomisk analyse av en base for luftambulanse i Indre Telemark og Indre Agder», frå 2019.

Så er mitt hovudpoeng at ein ikkje kan sjå på samfunnskostnaden isolert i denne vurderinga. Ein må også sjå på samfunnsnytten. Det er jo det samfunnsøkonomiske reknestykket totalt som er av interesse for AS Norge. Denne vurderinga har Samfunnsøkonomisk Analyse gjort. Der ser ein på kva ein drepen kostar samfunnet. Kva ein hardt skadd kostar samfunnet. Frå skatteytar til pleietrengande. Ein ser på potensiale for overleving og rehabilitering. Ein ser på kor mykje betre blir ein base i Vinje/Bykle opp mot dagens situasjon med dei basane som er.

Stutt summert opp: Dersom situasjonen for dei som bur og oppheld seg i kommunane Odda, Suldal, Vinje, Bykle, Valle, Bygland, Fyresdal, Nissedal, Tokke, Drangedal, Nome, Midt-Telemark, Kviteseid, Seljord, Hjartdal, Notodden og Tinn blir mellom 12-22 prosent betre med ein raskare responstid med ein base i Vinje/Bykle, så er samfunnsgevinsten høgare enn kr. 64 mill pr. år.

I tillegg kjem at ein base i Vinje vil vere reservekapasitet til Austlandet, Vestlandet, Sør-Noreg og for Ål-basen. Så kan ein legge til om Stortinget burde gjere vedtak for å nå sitt eige politiske mål om å «… sikre likeverdig luft-, bil- og båtambulansetilbud i hele landet.» Det er godt Stortinget tenker større enn sjukehuset Skien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jon Rikard Kleven

ordførar i Vinje, Sp