Foto: AP Photo/Petros Giannakouris

«Det er mykje lettare å integrere folk her enn i ein storby»

Gruppeleiar for Seljord Frp, Carina Thorvaldsen, kjem i VTB og Varden med eit lesarinnlegg mot meg fordi eg har ytra at Seljord kan ta i mot ein svært stor del av dei 50 flyktningane Noreg til no har sagt ein vil ta i mot frå Moria. Ho lurar på om eg meinar det eg skriv. Svaret på det er ja!

Les også
– Meiner du verkeleg at Seljord kan ta imot fleire flyktningar?

Resten av innlegget frå Thorvaldsen krev eit meir utfyllande svar:

Thorvaldsen sin påstand om at det er vedteke å kutte 15 stillingar innan skule/oppvekst, er feil.

Rådmannen foreslo å kutte 10 årsverk i løpet av 4 år, fordi økonomien er trang og talet på ungar i kommunen går ned og det då trengst færre tilsette. Kommunestyret endra dette til 8,5 årsverk, fordi ein ikkje ynskte kutt i kulturskulen.

Thorvaldsen og Frp stemte sjølv for rådmannen sin plan om å redusere desse årsverka innan skule og oppvekst. Dette var ein del av budsjettframlegget også frå H, Ap og Frp. Det gjer kritikken ekstra uforståeleg.

No er det gått 9 månadar sidan budsjettet vart vedteke.

Vi er i ein heilt ny situasjon.

Arbeidet med nedbemanning er lagt vekk no i pandemien!

Utfordringa no er å få tak i nok folk innan både skule, barnehage og helse.

Så til saka som var grunnen til Thorvaldsen sitt innlegg: Flyktningane i Moria.

Seljord kommune har teke i mot flyktningar i mange år. Dette har det vore stort fleirtal for. Eg er stolt av at vi deltek i den nasjonale dugnaden for å hjelpe dei som flyktar frå krig og forfølging.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi er ein liten kommune, men fordi staten meiner at vi har lykkast godt med integreringsarbeidet mottek vi framleis flyktningar. På tross av at Frp i regjering var med på å bestemme at berre «store og robuste» kommunar over 5000 innbyggjarar skulle få busetje flyktningar i framtida.

I ein liten kommune er ting oversikteleg. Det er korte avstandar når ting treng å ordnast. Det er mykje lettare å integrere folk her enn i ein storby. Du blir sett på ein annan måte. Det betyr ikkje at alt er perfekt. Vi har sjølvsagt ting som kan gjerast betre. Det har alle norske kommunar som driv med integrering.

Morsmålopplæring er noko alle kommunar som tek i mot flyktningar har utfordringar med i periodar. Vi skal gje best mogeleg opplæring til alle i kommunen vår. Det skal vere i tråd med opplæringslova, uavhengig av om du er kome hit som flyktning eller ei. For meg er det ikkje tvil om at dei ungane som no sit aleine i det som var ein flyktningeleir i Moria har det uendeleg mykje betre om dei får kome hit til trygge Seljord og bli ein del av fellesskapet vårt. Vi må sette ting i eit visst perspektiv.

Staten har bedd Seljord kommune om å busetje inntil 12 flyktningar i år. Kommunestyret har sagt ja til det. Vi har til no ynskt velkomen ein familie på 3. Det betyr at vi er førebudd og klare for å ta i mot 9 til. Integrerings- apparatet vårt og vaksenopplæringa er på plass, og det er rom for å ta i mot fleire enn 9 om vi vert bedne om det.

I orienteringar til kommunestyret har det fleire gonger blitt understreka at dei gode inntektene vi får når vi tek i mot flyktningar har gjort det mogeleg å oppretthalde eit betre tilbod i barnehage og skule enn vi hadde hatt råd til utan.

Barnetalet i norske distriktskommunar som Seljord er på tur nedover. Det betyr vesentleg færre elevar i skule og barnehage og i kommunen i åra som kjem. Det reduserar inntektene våre med store summar. Ekstra innbyggjarar gjev kommunen sårt tiltrengte inntekter.

Å ta i mot 12 flyktningar, i form av 3 barnefamiliar, vil i snitt utgjere ei inntekt på rundt 3 millionar kroner i året for Seljord kommune. Det er pengar som kjem alle innbyggjarane i Seljord til gode.

Beate Marie Dahl Eide (Sp)

Ordførar Seljord kommune