Det skjer mykje bra i Seljord - svar til Olav Kåsa

Takk for engasjementet! Hovudmålet mitt som ordførar er å få fleire til å ville bu i den flotte kommunen vår. Det skjer heldigvis mykje bra i Seljord!

Opninga av Mælefjelltunellen gjer oss meir attraktive. Det er fleire næringsetableringar og prosjekt for å utvikle boligar på gang. Kommunen prioriterer midlar til utbygging av fiber og støtte til dei som ynskjer å skape arbeidsplassar i kommunen.

Bygdevert. Vi arbeider med ei Bygdevertsordning for å marknadsføre Seljord som stad å busette seg, hjelpe (potensielle) innflyttarar med å finne fram til husvære, arbeidsplass, aktivititetstilbod og anna. Det er òg tenkt som kontaktpunkt inn mot lokalsamfunn, kommuneadministrasjon og andre offentlege instansar. Seljord næringslag er allereie med på laget, og eg ser fram til kva vi kan få til saman med dei og andre gode krefter i bygda.

Tilgjengeleg og open. Seljord kommune har flinke og kompetente tilsette som leverer gode tenester til innbyggjarane kvar dag. Dei strekker seg langt for å imøtekome ulike behov og ønskje. Samtidig vert krava til sakshandsaming, dokumentasjon og ulike prosessar stadig strengare. Som ordførar er eg oppteken av at innbyggjarar som kontaktar kommunen skal få svar og veiledning, og eg opplever at dei tilsette i Seljord har eit stort fokus på dette. Eg ser jamt gode døme på svært rask og effektiv handtering av både små og store saker. Så vil det alltid vere nokon saker som tek lenger tid, nokon saker der ønske om rask sakshandsaming ikkje kan innfriast og saker der ein ikkje alltid får det svaret ein ynskjer seg.

Opningstida på kommunehuset og sentralbordet er noko fleire gjev attendemelding om. Dette jobbar vi med å finne gode løysingar på. Eg ynskjer eit kommunehus som er ope og tilgjengeleg. Det er samstundes viktig å få fram at alle kan ringe direkte til sakshandsamarar. Beredskapsvakt ved teknisk etat er alltid tilgjengeleg på telefon 907 00 749 utanfor kontortid.

Kloakk og vatn. Vassleidninga til det nye vassverket er planlagt utbetra seinvinters i år. Som det sto omtala i VTB hausten 2019 så var utbetring planlagt august/september 2019. Desse månadane var særs fuktige, noko som ville gjera utbetringa meir risikabelt å utføre. I tillegg har Vallaråi gyting av storaurebestand og ein valde å ikkje utføre utbetringa i gyteperioden, men vente til gytetida var over.

Kommunen har ein god dialog med prosjekterande firma om kvaliteten på leidninga og har fått attendemelding frå dei om at leidninga toler å ligge som den gjer fram til utbetringa er gjennomført. Om leidninga skulle ryke så vil Seljord sine innbyggjarar få vatn frå reservevasskjelder.

Utbygginga på Århusmoen er svært positiv for Seljord. Her er det i dag eit kommunalt infiltrasjonsanlegg, samt nokre private anlegg. Det er i samråd med ekstern ekspertise vurdert ulike løysingar, og det er inngått kontrakt med Telemark Technologies AS om etablering av eit minirenseanlegg dimensjonert for å tole planlagt utbygging. Kostnaden for nytt opplegg for vatn og kloakk vil vere omtrent 4 millionar. Søknad om utsleppsløyve vil kome når ein er ferdig med prosjekteringa av anlegget.

SVARAR: Ordførar Beate Marie Dahl Eide svarar på spørsmål frå Olav Kåsa. Bilete vart teke i samband med valet i fjor, og samen med Dahl Eide er to andre ordførarkandidatar, Per Dehli og Halfdan Haugan. Foto: Knut Heggenes