Distrikts- og miljøfiendtleg Høgre-politikk

Høgres distriktsframlegg i valprogrammet vil kunne rasere norsk natur. Partiets liberale «fritt-fram-politikk» når det gjeld bruk og forvaltning av naturen og ressursane der vil i praksis føre til ei utnytting ut over tålegrenser for økosystem og naturmangfald.

Verna vassdrag skal kunne byggast ut til kraftproduksjon og vindmølleparkar kan etablerast og legge beslag på store naturområde. Motorferdsel i utmark og på vassdrag skal liberaliserast og nærast sleppast fritt, sjølv om slik ferdsel i utgangspunktet er i strid med lova. Og strandsona skal kunne opnast for bygging, aktivitet og privatisering. Hyttebygging vil halde fram i stadig nye og sårbare naturområde lenger og lenger inn i fjellheimen.

Alt dette og meire til vil det bli opp til kommunane og bestemme utan at fylkesmann og fylkeskommune skal kunne ha eit ord med i laget. Kommunanes råderett blir fristilt frå nasjonale retningsliner, noko som vil føre til store forskjellar i kommune-Norge. Dei høgrestyrte A-kommunane vil føre ein fritt-fram-politikk og liberalisere bruk og forvaltning av natur, medan dei raud-grøne B-kommunane vil føre ein politikk som handlar om berekraftig forvaltning av utmarksareala. I C-kommunane vil kanskje til og med vern vera mantraet.

Miljø- og naturfagleg kompetanse er svært variabel frå kommune til kommune, og nokre kommunar har ikkje folk med slik kompetanse i det heile, medan andre er bra rusta på dette fagområdet.

Det mest alvorlege med heile Høgres distrikts- og naturforvaltningspolitikk er at heile prosessane med faglege vurderingar når det gjeld utbygging og annan utnytting av utmarksareala skal bort eller forenklast og bli overlatt til politisk lekmannsskjønn. Det er eit stort politisk ansvar. Naturbruk, naturforvaltning og miljøvern er fag og ikkje politikk.

Kommunal politisk sjølvråderett i stor utstrekning vil føre til eit forskjells-Norge med svært ulik praksis frå kommune til kommune. Me vil få eit «lappeteppe-land» i naturen utan heilskapeleg forvaltning der ålmentas nasjonale interesser blir satt til side. Kommunegrensene i utmark vil stundom kunne sjåast ut frå ulik forvaltningspraksis. Ein kommune «skummar fløten» til dømes med hyttebygging fordi nabokommunen held attraktive urørte og påkrevde bakgrunnsareal.

På mange område er naturforvaltning grenseoverskridane på kommune- og fylkesnivå, ja, til og med på nasjonalt nivå. På nokre område må det derfor ligge overordna nasjonale retningsliner til grunn for forvaltningspraksis av natur der grenser er unaturlege barrierer. Her bryt kommunal fridom til å ta sereigne beslutningar med grunnleggjande prinsipp i forvaltninga av natur.

Jon Ingebretsen

naturrettleiar og MDG-medlem