annonse

– Eg hadde gjort nøyaktig det same ein gong til

LESERBREV
LESERBREV: Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje kommune. (Foto: Mikkel Kleven)

Det er vanskeleg å lese Varden fredag 16. august utan å oppfatte det som at eg får kjeft.

  • LESERINNLEGG

Eg er eit menneske fullt av feil og manglar, og fortener sikkert mykje kjeft i mange samanhengar. Men eg meiner det er ufortent kritikk i den saka Varden brukte mykje plass på – kommunen sitt arbeid for å få politikontor i Åmot i Vinje.

Då eg blei ordførar var alle lensmannskontora i Noreg på spill. Eg har brukt mykje tid og arbeidd mykje med at vi skulle få halde på og utvide politikontoret i Åmot.

Eg nærast krangla meg inn i den felles ordførarstyringsgruppa for Buskerud/Vestfold/Telemark til politimeisteren som skulle meine noko om lokalisering av politikontor i det nye distriktet. Eg har forklart politiet at Vinje er Vestveggen i det nye politidistriktet Buskerud/Vestfold/Telemark. Politiet har sett alle dei gode poenga. Resultatet er ei tung etablering av politi i Åmot. Det blir eit kontor med mellom 15 - 30 stillingar. Eg meiner det er svært viktig for beredskapen i kommunen, for tryggleiken til folk, for service til innbyggarane, for førebyggande arbeid mot ungdom og ikkje minst: Det er gode arbeidsplassar som gjer at politiet vil busette seg i vårt område.

Det er viktig når ein kjem til oppdrag der ein får akutt trong for ekstrapersonell. Og vi har (ved å gå heile vegen administrativt i politidirektoratet og politisk til justisministeren) fått etablert passautomat i det nye kontoret til glede for alle innbyggarane i Vinje, grannekommunane og for hyttefolk. Men vi måtte syte for at politiet hadde eit bygg ved E-34 som ville dei husa.

Hadde vi ikkje fått på plass eit bygg, så hadde ikkje politiet vore i Åmot - og all jobbinga hadde vore for ingenting. Difor fremja eg framlegg om å sette av pengar til å kjøpe eit bygg dersom det blei naudsynt.

LES MEIR HER: 

Det blei det. Økonomisk er dette ei oppside for kommunen, der vi får kr. 1,9 mill. i leigeinntekter kvart år, i staden for leigeutgifter til bibliotek på kr. 850.000,- kvart år. Ei differanse for kommunen på kr. 2.7 mill. pr. år som fint forsvarer kjøp av bygget.

Varden skriv at kostnaden har stige frå kr. 27 til 50 mill. Eg aner ikkje kvar journalisten har fått det frå, og det forstår eg ingen ting av (her er journalisten sitt reknestykke). Dei som kjenner Vinje-politikken vil sikkert også smile litt når ein ser at journalisten forsøkjer å bygge opp under ein konspirasjon der Børre Rønningen, Øystein Høgetveit og underteikna har kokt saman noko.

Om nokon meiner eg fortener kjeft, vil eg sei at dersom eg veit alt eg gjer no og reiste attende i tid, så hadde eg gjort nøyaktig det same ein gong til. Dette var eit viktig strategisk val for Vinje kommune.

Vil nokon unngå at ordføraren gjer noko liknande i framtida, så ikkje stem på meg. Godt val!

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje kommune

annonse