FRAMOM FOLKEHELSE: Dei vel å setje næringsinteressene framom folkehelse og bygdas eigne innbyggjarar, skriv Odd Skogheim om ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp), politikarane, kommunestyret og administrasjonen i Seljord. Foto: Varden

Full fest i Seljord sentrum

I sommar ville ein ungdom i Seljord sentrum halde ein fest for vennene sine. Utover kvelden kom det mange, svært mange venner og det blei ein skikkeleg fest med høg musikk.

Men då naboar ringte politiet, blei det raskt slutt på festen. Bare 500 m unna, i eit simpelt partytelt på ein parkeringsplass framom Fjellheimpuben midt i eit bustadområde på Brøløs i Seljord sentrum, var det også fest. Eit samrøystes kommunestyre vedtok 14 dagar inn i koronatida 2020 at på denne plassen kunne det haldast 15 «konsertar» i året fram til kl. 01 på natta. Dette er fest, kommunalt legalisert fest.

Regelen er at utearrangement som lagar støy skal avsluttast kl. 23, men ifølgje rådmannen og folkehelskoordinatoren (som også er næringssjef), måtte kommunen utvide varigheten til kl. 01 etter press frå næringslivslobbyen. I tillegg tillet kommunen tre – 3 – gonger så mange arrangement som regelen. Det kommunale sjølstyret er sterkt, og kommunen nektar å svare på klager.

Norges mest liberale regulering av støy i eit bustadomåde opplevest om lag slik av naboane: Høg musikk, skriking, allsang, glassknusing, stor biltrafikk, slamring med bildører og tuting. Det er vanskeleg å avslutte dei kommunalt velsigna festane kl. 01, men det er heilt ok ifølgje ordføraren – «Fjellheimpuben har gjort alt rett». I tillegg er det heilt ok at «bukken passar havresekken»: Puben foretok eigen lydmåling under prøvene, ikke under «konserten»!

Innanfor ein sirkel med radius 100 m frå episenteret er det om lag 20 husstandar, innanfor 200 m er det om lag 50. Er desse innbyggjarane så lite verdt at kommunen ikkje vil gjere folkehelsefaglege vurderingar? Brøløs vel har med Folkehelselova i handa gjennom fleire år bedd kommunen om å rydde opp i støyproblema. Då kommunen endeleg vedtok retningsliner for regulering av støy, la dei ikkje Folkehelselova til grunn, men konkurranseomsyn for næringslivet (kommunens retningsliner: «...grunna arrangement på Dyrskuplassen»). Brøløs vel har etterlyst folkehelsefaglege vurderingar, men kommunen har aldri svart. I sommar ba me om innsyn i dokumenta og etter purring måtte dei innrømme at slike dokument ikkje finst.

Naboane har klaga Seljord kommune inn for Statsforvaltaren, og kommunen fekk til slutt råd om å svare på våre klager. Svaret frå kommunen kom etter seks – 6 – månader, men dei svarte bare på nokre få av våre klagepunkt. Dei 15 «konsertane» til kl 01, og vel så det, står fast av omsyn til næringslivet. I svaret måtte kommunen innrømme at ved «vanleg drift» skal det vere ro (og ikkje musikk) etter kl. 23, slik som elles i landet. 1-0 til Brøløs vel! Tenk at kommunen fann ut dette etter at naboane har vore plaga i årevis. Me har ikkje fått noko «unnskyld», og ventar det heller ikkje. Me ventar derimot ein gjennomgang av kommunens handsaming av denne saka. Kanskje er det noko å lære av eigne feil?

Ordføraren og politikarane har hittil nekta å svare. Dei svarar neppe denne gongen heller, og ordføraren inviterer neppe til kaffe på kontoret. Det er trist at politikarane, kommunestyret, ordføraren og administrasjonen ikkje bryr seg om innbyggjarane. Dei vel å setje næringsinteressene framom folkehelse og bygdas eigne innbyggjarar.

Odd Skogheim

på vegne av Brøløs vel