FORMIDLING: Det er ein viktig del av Fylkesmannen sitt oppdrag å formidla til kommunane politikken som kjem frå Stortinget og regjeringa som til ei kvar tid sit, skriv fylkesmann Per Arne Olsen. Foto: Halvor Ulvenes, arkiv

Fylkesmannen skal formidla regjeringa si politikk til kommunane

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) omtala Fylkesmannen i Vestfold og Telemark som «ein nyttig idiot for regjeringa». Per Arne Olsen svarar.

Regjeringar kjem og regjeringar går, men Fylkesmannen sitt oppdrag består. Heilt sidan 1685 har det vore ein sentral del av Fylkesmannen sitt oppdrag å vera bindeleddet mellom sentralmakta og lokalsamfunnet.

Kommunane fungerer i spenningsfeltet mellom behovet til lokalsamfunnet for å styra eiga utvikling, og behovet til staten for å setja i verk nasjonal politikk på lokalt nivå og med lokal medverknad.

Les også
Ordfører reagerer skarpt på brevet han har fått: –Nyttig idiot

Det er ein viktig del av Fylkesmannen sitt oppdrag å formidla til kommunane politikken som kjem frå Stortinget og regjeringa som til ei kvar tid sit. I ein eigen instruks frå regjeringa heiter det at Fylkesmannen «skal arbeide for at Stortingets og regjeringens vedtak, mål og retningslinjer kan bli fulgt opp.» Det er eit oppdrag vi ikkje kan velja bort. Viss vi sjølv hadde valt kva delar av politikken til Stortinget og regjeringa vi formidlar vidare til kommunane, då ville vi hatt eit demokratisk problem. Fylkesmannen er bodbringaren. Politikken er det Stortinget og regjeringa som vedtar. Nesten alle partia som i dag sit på Stortinget har vore med i regjeringar som har nytta Fylkesmannen som bodbringar.

I årets oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet heiter det mellom anna: «Fylkesmannen har (…) en viktig rolle med å utfordre kommunene om behovet for strukturendringer og stimulere til diskusjoner om kommunesammenslåing, der det lokalt ligger til rette for dette.» Derfor har vi i eit brev til kommunane bedt kommunane vurdera «behovet for strukturendringar på kommunenivå som løysing på utfordringane». Det er likevel ingen tvil om at det er kommunane sjølve som bestemmer om dei skal slå seg saman med andre.

Eit anna av oppdraga Fylkesmannen har frå regjeringa, er å rettleia kommunane slik at dei ikkje får økonomisk ubalanse og hamnar i Robek. I regjeringa sine «Retningslinjer for Fylkesmannens samordning av statlig styring av kommunesektoren», blir det understreka at regjeringa forventar at Fylkesmannen tar ei særleg aktiv rolle overfor kommunar som har eller er i ferd med å hamna i økonomisk ubalanse.

Fleire av kommunane i fylket har ein anstrengd økonomi. Befolkningssamansetninga er i endring. Det blir fleire eldre. I nokre kommunar går innbyggartalet ned. Det betyr at fleire kommunar vil få behov for omstilling av tenesteproduksjonen i åra som kjem. Då er det plikta vår å seia ifrå. Det er oppgåva vår å rettleia kommunar med anstrengd økonomi til å ta nødvendige grep, slik at dei held seg unna Robek. Kommunar som hamnar i Robek får redusert sin handlefridom. Vårt utgangspunkt er at kommunar som tar dei nødvendige grepa, vil sikra seg ein større kommunal handlefridom. Vi vil likevel ikkje gi konkrete råd om val av verkemiddel og organisatoriske løysingar. Det er kommunane sjølv som bestemmer korleis dei vil organisera tenestene.

Fylkesmannen er ikkje berre ein bodbringar frå Stortinget og regjeringa til kommunane. I instruksen til regjeringa om Fylkesmannen sitt arbeid, heiter det òg at Fylkesmannen skal halda regjeringa orientert om viktige spørsmål i fylket. Informasjonsstraumen går altså begge vegar.