Fylkestinget må taka ansvar for Hardangervidda villreinområde

Fylkestinget i Vestfold-Telemark skal snart vedtaka rullering av regionplan for Hardangervidda. Eivind Tokheim i Odda Venstre har arbeid for eit framlegg om å gjera delar av villreinområdet innst i Valldalen i Odda kommune til såkalla stølsdal. Men kategorien villreinområde er ikkje eit hinder for stølsdrift.

Skilnaden på stølsdal og villreinområde er at det kan byggast fritidshytter i fyrstnemnde. Målet med framlegget kan såleis ikkje vera anna enn å opne villreinområdet for hyttebygging. Då regionplanarbeidet byrja var oppdraget frå Miljøverndepartementet blant anna: «Villreinen skal ha en sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida, og det er et nasjonalt mål at villreinens leveområder skal sikres.».

GPS-merkte simler kalva i Valldalen i 2004, 2005 og 2007. Dei fleste ser nok at det å bygge hytter i kalvingsområda er i strid med målet om å sikre villreinområda. Snart tjuge år med GPS-merking av simler på vidda har synt at reinen på vidda kvar sommar klumpar seg saman i dei områda av Øvre Telemark i Vinje og Tinn som er minst utbygde med turisthytter og turstiar. Dette området utgjer mindre enn tjuge prosent av heile villreinområdet.

Konsentrasjonen av dyr er blant dei høgaste for hjortevilt i Europa. Konsekvensen er stor snyltarbelasting, utbrot av sjukdom som fotråte, og vedvarande låge slaktevekter, 11-15 kg for simlekalvar. At denne elendige tilstanden har vart i minst tretti år fortel mykje om dei miljøpolitiske prioriteringane i kongeriket. Den som skaffe seg grunnleggande innsikt i situasjonen for reinen på Hardangervidda treng berre å bruke to minutt på eit TV-innslag på NRK Telemark: (https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-fra-vestfold-og-telemark/202001/DKVT98010620/avspiller).

Då regionplanarbeidet byrja var det ei viss von om at styresmaktene ville gjera noko for å betre tilhøva for reinen. Men så langt har alt planarbeidet berre resultert i at reinen har tapt areal til eit skisenter på Sysen i Eidfjord og at kalvingsområdet i Valldalen kan verta gjort om til hyttefelt.

Miljøvernminister Rotevatn frå Venstre har nyleg gått inn for tvangsriving av ein støl på Dovre fordi den skal vera til hinder for reinstrekket der. Når det same partiet stiller seg i spissen for å opne villreinområdet på Hardangervidda for hyttebygging, kan me slå fast at det ikkje er viljen til maktbruk som er vonlaust liten. Alt styresmaktene treng gjera for å oppfylle den internasjonale plikta til å taka vare på villreinen er å regulere ferdsla utanom dei viktigaste og beste beita og slutte med å bygge ned randsona og kalvingsområde slik Venstre no vil gjera i Valldalen.

Den 9. juni vedtok Vestland fylkesting å opne villreinområdet for hyttebygging. Villreinens framtid på Hardangervidda er no avhengig at politikarane i Vestfold og Telemark syner same ansvar for livet i høgfjellet som mange private grunneigarar her har gjort og let vera å bygge ned villreinområda for stuttsiktig vinnings skuld.

UTBYGGINGSTRUGA: Villreinen på Hardangervidda er truga, mellom anna ved å gjere om villreinområder til stølsdalar der hyttebygging er tillete, skriv Harald H. Kvaalen.