25 PROSENT: Politikarane i Vestfold og Telemark fylkeskommune har vedtatt at av alt skriftleg som blir formidla, skal 25 prosent vere på nynorsk, skriv Kristin Berge. Foto: Gorm Kallestad/NTB

Hjelp, sola skjener!

Når eg nå så vidt har kome i gang med jobben som nynorskkonsulent i Vestfold og Telemark fylkeskommune, har eg blitt opptatt av kva som blir skrive.

Ja, meir enn vanleg. Og det er ikkje reint lite. For eg kan som filologen Kristin Fridtun, «Kunsten å irritera seg over skrivefeil». Det er hennar siste bok, og det er mykje ein kan kjenne seg att i der. Og le av seg sjølv. For det er menneskeleg å skrive feil, det gjer eg også. Truleg er det ein drøss med feil i denne teksten du nå sit og les.

I fylkeskommunen er det som i andre offentlege instansar, mykje uklart og vanskeleg språk. Klarspråk er derfor vigd stor plass i den nye språklova. Språkrådet seier at den internasjonale definisjonen av klarspråk er «kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han». Eller; godt, enkelt og klart, som dei seier i språklova si på Island.

Politikarane i Vestfold og Telemark fylkeskommune har vedtatt at av alt skriftleg som blir formidla, skal 25 prosent vere på nynorsk. Derfor er ein del av jobben min å skrive om dokument frå bokmål frå til nynorsk. Og det er jammen ikkje så enkelt, og det vanskelege er at eg mange gonger ikkje forstår kva som står i brev og skjema, fordi formuleringa er uklar.

På ein plakat som skal henge på tannlegekontor sto det «Du kan be om at personopplysningane du har gjeve oss for behandling på grunnlag av avtale eller ditt samtykke, blir sendt til deg i eit strukturert, vanleg og maskinlesbart format». Eg studerte setninga lenge, og kom fram til at dette må jo vere eit brev. Så eg tenkte, kvifor ikkje skrive det? Brev. Men nei da, det viser seg at det vanlege, maskinlesbare formatet er eit røntgenbilete… Tannlegeforeninga har skrive brevet, og dermed er det ikkje heilt greitt å skrive om «røntgenbilete» til «vanleg, maskinlesbart format».

Mange kollegaer ber meg omsetje, det forstår eg godt. Men det som raskt skjer, er at språket blir kunstig og oppstylta. Og feil. Det blir som å skrive engelsk med google som einaste hjelp, og det kan gå som det gjorde i ein artikkel eg las: «Ikkje vask vindauge når sola skjener»

Kristin Berge

Nynorskkonsulent ,Vestfold og Telemark fylkeskommune