I desember sa kommunestyret nei til reguleringsplan for Solliåsen i Hauggrend, som legg til rette for 153 hyttetomter i ubebygde skogsområde. Vedtaket vart grunngjeve med desse orda: «Ei slik storutbygging vil dramatisk endre karakteren av Hauggrend som lokalsamfunn. Også ut frå miljøomsyn […] finn ein det umogleg å vedta ei slik stor og irreversibel utbygging.»

Men det som var umogleg i desember, vart plutseleg mogleg då kommunestyret handsama klage frå grunneigar i møte 26. april. Då snudde stemninga, og utbyggingsplanen vart vedteken med stort fleirtal. Kva har skjedd?

Neppe eit mirakel. Det har vore jobba iherdig for å påverke lokalpolitikarane. Grunneigar Seljevold har engasjert advokat og lagt fram eit 12-siders dokument, der ein mellom anna trugar kommunen med erstatningsplikt og lister opp dei kostnadar utbyggar har hatt til no. Advokaten legg vekt på at Solliåsen er avsett til byggjeområde i arealdelen til kommuneplanen, og meiner dette bind kommunestyret til å vedta ein reguleringsplan. «Den manglande godkjenninga av Solliåsen reguleringsplanen oppfattast som eit arbeidsuhell frå kommunen sin side.» (Advokat Felland, 23.01.2023)

Når det gjeld spørsmålet om arealplan og reguleringsplan, må ein heller lure på om advokaten til Seljevold har hatt eit arbeidsuhell. Kommunen har inga plikt til å vedta slik reguleringsplan. Plan- og bygningslova har berekraftig utvikling som overordna mål. Kommunestyret har vid fullmakt til å endre planføremål eller la vere å vedta reguleringsplan, utan å pådra seg erstatningsansvar. Dette vart då også kontant slått fast av advokaten som Fyresdal kommune har engasjert til å gå gjennom klaga frå utbyggar. «Denne anførselen kan ikke føre fram.» (Advokat Frøstrup, 28.03.2023)

Det er særs uheldig at utbyggarinteresser like fullt prøvar å gjere lokalpolitikarane redde for å pådra seg økonomisk ansvar, så ein kan presse fram ei avgjerd til eigen vinst.

Nyleg fekk minister Espen Barth Eide overlevert ein rapport frå Miljødirektoratet som viser korleis utbygging av fritidsbustader er i strid med klimamål og utgjer ei «utsleppsbombe». Barth Eide kjem med ein sterk appell til kommunane om å leggje om kursen i arealpolitikken. I Fyresdal har partifelle Skjervagen tydelegvis ikkje tenkt å bidra.

Fyresdal har som einaste kommune i Vest-Telemark ikkje slutta seg til felles klimaplan, og til VTB sa ordføraren at planen ville vere «med å legge band på arealet, slik at ein kan får problem i forhold til utbygging, det var faktisk det me var mest redd for. At me skulle pålegge oss sjølve arealrestriksjonar som skulle bli straff seinare for oss» (10.04.2023). Denne uttala blir meir forståeleg i ljos av vedtaket om storutbygging i Hauggrend.

Det er mykje positivt på gang i Fyresdal. Spanande næringsutvikling, satsing på Folkestadbyen og med tretoppvegen Hamaren som ny og spektakulær attraksjon. Kommunen treng fleire overnattingsplassar for å ta imot tilreisande.

Dette kan ein utvikle på ein måte som er berekraftig og stadstilpassa, utan å øydelegge natur eller kvalitetane i eit lokalsamfunn. Det er trist og gamaldags at ein i staden satsar på utbygging som bare er til gagn for nokre få, som set irreversible spor i landskapet og som aukar forbruk og klimautslepp.

Hauggrend er i dag ei intakt landbruksbygd kring Skredvatn, som i veldig liten grad inneheld fritidsbusetnad eller andre store naturinngrep. Det ligg store verdiar i å ta vare på dette.

SI DIN MENING! Vi i Varden vil gjerne at du skal bidra med din mening. Send ditt leserinnlegg til debatt@varden.no.

Tips til hvordan skrive et godt leserinnlegg finner du her.