Me nådde målet med å få eit skifte i styringa av landet. No skulle heile landet takast i bruk.

Me veit at mangt av det som var lova, er oppfylt. Deling av fylke, meir midlar til politi i distrikta osv.

Men det som no er mest aktuelt for oss, er omlegginga av skatteinntektene for det som blir kalla kraftkommunar. Dette er for det meste typiske distriktskommunar.

Her blir distriktsprofilen til Senterpartiet borte. Det blir opna for at staten kan nytte inntektene kommunane har frå kraftproduksjonen til saldering av budsjettet.

Pengane som kommunane har gamal rett til, skal omfordelast.

Dette skal vera ei mellombels ordning blir det sagt. Men me veit godt, at slike ordningar har ein tendens til å bli varige. Då visst når ein veit at i mest kvar valperiode blir det sett ned utval som har til oppgåve å sjå på korleis ein kan omfordele inntektene kommunane har frå kraftproduksjonen.

La oss sjå på vår kommune, Vinje. Her er det massive naturinngrep og stor kraftproduksjon.

Kommunen skal ha att eit rimeleg vederlag for dei ulempene det er å syte for at industrien fær kraft, at hushaldningane fær kraft, at el-bilane fær kraft osv.

Storparten av krafta som blir produsert her, på ressursane her, går til folkerike, sentrale strok. I Vinje er det ingen kraftkrevjande industri. Kraftutbyggjinga i Vinje har bandlagt store naturområde. Dette grip inn i allmenne interesser som retten til ferdsel, fiske, friluftsliv og retten til urørt natur. Store areal kan ikkje lenger nyttast til andre føremål. Disposisjonsretten over slike verdiar ligg etter demokratiske prinsipp til kommunen.

Store inngrep er gjort, det er teki beslag i naturrerssursar for å produsere elektrisk straum som blir ført ut av Vinje.

Ein har bygd ned natur i Vinje for å skape industri, næringsutvikling og arbeidsplassar andre stader, td i Grenland. For at kommunen skal gjera dette, skal 10% av krafta som blir produsert i kommunen tilfalle kommunen. Dette er eit hevdvunne prinsipp gjennom 100 år og nedfelt i lovverk og dei einskilde konsesjonar som er gjevne. Det står 10%. Det står ikkje: 10% berre dersom prisen ikkje er høg, blir den høg so skal kommunen få mindre.

I Vinje kommune brukar me berre halvparten av krafta som fell på kommunen. Den andre halvparten fær fylkeskommunen. Det vil seia at Vinje kommune sit att med 5% av verdiskapinga frå kraftproduksjonen i Vinje. 5% sit fylkeskommunen med og 90% sit staten att med. No meiner dagens regjering, der Senterpartiet er med, at 90% til staten ikkje er nok, so dei grev i tillegg til seg av kommunens 5%. Dette fordi regjeringa meiner at kommunen må dele med seg.

Det at Vinje kommune har gjevi av sin natur og ressursar til verdiskaping i sentrale strok og staten sit med 90% og fylkeskommunen sit med 5% av verdiskapinga, er etter regjeringa si meining ikkje å dele med seg.

Regjeringa vil også auke grunnrenteskatten for kraftverka, dermed blir skattegrunnlaget for kommunen mindre, og med det mindre inntekt.

I denne regjeringa sit Senterpartiet, distriktspartiet framfor andre, og tek frå distriktskommunar deira rettkomne inntekter.

Det er ikkje til å forstå for oss som har dette partiet i blodet.

Mange av oss kjenner ikkje partiet att, og vurderar alvorleg å forlata det. Det er vanskeleg, men det går ei grense. Me er vonbrotne.

I det programmet Senterpartiet gjekk til val på er det nedfelt at partiet vil verne om konsesjonskraft og -avgifter. Kva skjer no?

Me er klår over at mange tykkjer det er berre rett og rimeleg at Vinje og andre kraftkommunar skal ha det like trongt som mange andre. Men det er no slik at ressursane ligg der dei ligg. For Vinje kommune sin del er å seia at kommunen er i vidde vel so stor som gamle (og nye) Vestfold fylke.

Og me prøvar so godt me kan å ha tenester nær folk ( kva parti var det som sa det høgast?).

Å ha desentarilserte tenester kostar. Det er gjort store investeringar. Kommunen har etter måten stor gjeld, og må ha føreseielege inntekter. Med dei nye ordningane vil ein aldri få det.

Det regjeringa gjer no er å ta burt føresetnadane for framtida vår. Det blir opna for ein ny praksis i skattelegging.

Kommunen vår er dyr å drive. Me veit det. Naturressursane har me, og dei er stilte til rådevelde for storsamfunnet.

Me må seia at me har lite sympati for alle dei åtak kraftkommunane er utsette for. Og det uroar oss sterkt at Senterpartiet  er med på dette. Dette er vårt parti. Dette er distrikta sitt parti. Denne saka er alvorleg for oss her ute. Difor sender me dette brevet.

Nils Ole Lien, leiar

Jon Rikard Kleven, ordførar

Tone Edland, varaordførar

Liv Sigrun Nykos Midtun

Gunnar Haugo

Ane Killingtveit

Kjetil Nessæther

Kjetil Midtgarden Vaagen

Bjørn Borgersen

Birgit Tveito

Asbjørg Øygarden Neset

Olav Nordstoga

Aslak Ofte

Tor Mølster Byggland

Ragnhild Sølberg (vara)

Gudmund Tore Tveito (vara)