Dette er ei helsing til deg som eg etter alt å døme aldri kjem til å møte fysisk, eller bli ordentleg kjent med. Eg kjem aldri til å vite kven som er dine nærmaste eller kven du saknar. Eg kjem heller aldri til å vite kva som interesser deg, kva du er god på, eller det du ikkje er så god på. Eg kjem ikkje til å vite om du strevar eller har det vondt. Du kjem ikkje til å bli ein av mine nære omgangsvener, og du vil bli gløymt i det me «loggar av» studiet.
For det er slik det er blitt, me skal ikkje lenger møtast i verda. Me skal heller sitte aleine innanfor husets fire veggar, og stirre passivt inn i ein skjerm. Eg hadde sett fram til å bli kjent med deg, eg trur me kunne blitt gode vener. Men me kjem ikkje til å mimre tilbake til studiekvardagen me hadde samen når me blir gamle. For me hadde aldri ein felles studiekvardag, me satt kvar for oss i einsemda. Eg kjem ikkje til å hugse namnet ditt, og du vil ikkje hugse mitt. Du satt for det meste bak ein svart skjerm, så eg såg deg aldri. Du såg kanskje meg, men du sa aldri hei.
Eg skulle så gjerne ha møtt deg. Eg kunne trengt deg når studiet verka overveldane, eller når eg hadde hatt behov for å prate med ein ven som gjekk gjennom det same. Eg skulle gjerne ha dela opp og nedturar med deg. Men du kjenner ikkje meg, og eg kjenner ikkje deg. For no skal me ikkje lenger møtast eller stillast krav til. Me skal berre bli pressa ut i andre enden av studieforløpet, og det var det. Takk til deg, og vær så god neste!
Eg kan ikkje tru at me gav digitaliseringa rett til å øydelegge både vår eiga, men og dei framtidige studentanes studieforløp og tilvære. Eg skulle ynskje du kjempa med meg. Eg trur me kunne fått det til, hadde me kjempa saman. Da det berre blei meg, så fekk eg aldri møte deg. Du blei aldri studievenen min. Universitetet (samfunnet) smuldra vekk, og du blei studievenen eg aldri møtte. Eg skulle gjerne blitt kjent med deg!
Med venleg helsing ho som kunne vore studievenen din.