Kalveskyttarane er heilagt overbeviste om at det er dei som he skjønna det og dei har fått herje og regjere dei siste 50 åra . Verst er det for reinen, for der ser det ikkje ut som om grunneigarane har noko synspunkt overhode - desse såkalla forskarane fær herje på som dei lystar. Dermed er reinen utvikla til mindre og mindre dyr. Men ingen forskar tar innover seg den utviklinga eller stiller spørsmål ved årsaka. Skylappane er tunge som dasslokk, sjav om denne politikken har ødelagt reinstamma over 50 år er det ingen som tenker tanken at, kan det vera at me gjer noko feil og bør prøve noko anna. Nei meir av samme galskapen.

På elgen derimot er det litt annleis. Dei fleste elgjegerar meiner eg er imot kalveskjoting, ikkje minst på grunn av human jakt. Mennesket har makt til å herske over dyra og dermed er det viktig at ein går fram på ein anstendig måte .

Så he me nokon skikkelege tøffingar bak skriveborda hist og pist som hevdar at me må oppføre kon som naturen gjer det, det vil sei tek kalvane.

Kan høyras logisk ut, men stemmer ikkje. Rovdyr tek kalven på våren når den er nyfødt. Då har mora mykje svakare binding til kalven enn på hausten. I tillegg har mora heile sommåren med godt næringsrikt for til å koma seg og vil ganske sikkert koma i brunst til rett tid.

Blir kalven derimot skoten på hausten, har mora eit svært sterkt og nært forhold til kalven og mora sirkulerar rundt i området der kalven blei skoten i bortimot ein måned etterpå.

Det vil sei at dyra syter og vil bli nedkjørt både fysisk og psykisk. Resultatet sannsynleg - sein paring og sein fødsel neste år, med ein kalv som blir født etter at det saftige vårbeitet har mista mykje av krafta.Resultatet: Små dyr i dårleg kondisjon.

Ifølge forskarar - kalveskjoting aukar stamma kollossalt. Logisk sett må det stemme, for skyt du ikkje produksjonsdyr, bare kalv, vil produksjonsdyra produsere og når mengda produksjonsdyr ikkje blir desimert vil naturleg nok fleire dyr produsere kalvar. Resultatet av kalveskjoting vil bli: Rask vekst i antall dyr – innavl – små svake dyr. Men er det utviklinga ein ønsker?

Skyting av vaksne dyr (ikkje kalv) vil medføre: Stabilisering av stamma, kan til og med bli reduksjon – nytt blod – store fine dyr.

Så blir sauen nevnt som eit eksempel på hoss bra det går med å ta avkomet frå mora au på hausten. Dette er ikkje sammenliknbart. Sauen er kjønnsmogen i løpet av sommåren på grunn av måten dei blir fora og au antageleg grunna sine naturlege forutsetningar.

Grunnen til at nokon dyr har blitt tamdyr i landbruket er selvfølgeleg at dei dyra har ein raskare kjønnssyklus og dermed er i stand til å produsere meir. Lamma forlet mora svært mykje på hausten og bøkrelammi flyg rundt og parar når dei kjem heim på jordet. Og så pøsar bonden på med kraftfor.

Slik er det ikkje med rein og elg.

SI DIN MENING! Vi i Varden vil gjerne at du skal bidra med din mening. Send ditt leserinnlegg til debatt@varden.no

Tips til hvordan skrive et godt leserinnlegg finner du her.