Brått var sommaren her, med temperaturar som gjer at det kjenst merkeleg å skulle gå inn i kontorbygg og ikkje berre flate ut ved næraste vatn. Å ferdast ute i fullt verneutstyr er heller ikkje optimalt, men også det gjer me for å bidra til ein så trygg og god sommartid som mogleg.

Me er mange som bidreg til tryggleik og som har glede av verneutstyr. Kvar gong me har hatt alvorlege ulykker i Noreg om sommaren har dette mobilisert små bygdesamfunn til å engasjere seg for å ta betre vare på kvarandre; som å stoppe uvettig og ruspåverka køyring, hjelpe kvarandre å bruke verneutstyr som bilbelte, hjelm og redningsvest.

For at desse mobiliseringane skal ha effekt på kulturar og nye generasjonar, må dei vare over tid. Her er det i ferd med å skje noko. Kommunar i Vest-Telemark har hatt dette på agendaen i fleire år. Vest-Telemarkrådet vedtok 6. desember 2022 ein Nullvisjon: "null drepne og skadde ved bruk av motoriserte køyretøy", med fleire gode fellestiltak på tvers av kommunane som "Buss heim for 50 kroner" og rusfri konsertar.

Noko av det beste er haldningsendringa som ein ser konturane av blant ungdommen sjølve. Ingen har lyst til å miste kameraten sin. Når kommunane inviterer til innsats, er dei med, og ungdomsråda er aktive deltakarar i politiråd og i nullvisjonsarbeidet.

Da må me vaksne følgje etter, være gode førebilete og vise eksempelets makt. Hugs bilbelte og redningsvest, sjølv om det er varmt og du berre skal ut ein liten tur. Køyr etter fartsgrensene som er der for ein grunn (det er faktisk ikkje sikkert dama likar deg betre om du tråkker på gassen). Vis at det går fint å nyte sommaren utan å drikke mykje alkohol. La båten gli roleg over vatnet og kos deg med lyden av fuglesong.

Om sommaren som elles i året søkjer politiet å være der folk samlast for å skape tryggleik. Det er stor arrangementsaktivitet i Telemark og Sør-Øst politidistrikt om sommaren, og ofte skjer det mykje på ein gong. Det kan gje utfordringar for politiet når me har stor geografi å ta vare på, men med godt samarbeid med arrangørar og kommunar får me til mykje likevel.

Me prøver å være synlege og førebyggje alvorlege hendingar både på vatnet, i vasskanten og på vegen – overalt der folk ferdast. Me skulle gjerne hatt enda fleire politifolk i vårt område, men eg er stolt av dei politifolka me har, som gjer ein fantastisk innsats heile året og strekker seg langt for å hjelpe der det trengs.

Eg vonar me alle får ein strålande sommar utan alvorlege hendingar og at me alle bidreg til dette. Som Nissedal-ordførar Halvor Homme seier i si helsing om Nullvisjonen på sosiale media: "Hold deg edru, bruk redningsvest, bruk hjelm, bruk sikkerhetsbelte – for vi vil gjerne se deg til høsten også!"

Ser du nokon som treng hjelp til å ta kloke val – sei ifrå. Ring politiet om du eller andre treng oss. Me har ingen å miste i sommar heller.

God og trygg sommar ønskes frå oss i politiet!

SI DIN MENING! Vi i Varden vil gjerne at du skal bidra med din mening. Send ditt leserinnlegg til debatt@varden.no

Tips til hvordan skrive et godt leserinnlegg finner du her.