MÅ PENDLE: For Telemark sin del betyr det at domstolleiaren i tingretten må pendle mellom Skien, Kviteseid og Notodden. Det skal vel ikkje så mykje fantasi til for å forstå at rettsstadene utanfor Skien i all hovudsak blir utan domstolleiar store deler av tida når vedkomande som får stillinga allereie bur i Skien, skriv Åslaug Sem-Jacobsen og Jenny Klinge. Foto: Fredrik Pedersen

Kva no for domstolane i Telemark?

Før jul sørga regjeringa og støttehjulet Frp for at tingrettane i Kviteseid, Notodden og Skien blir slått saman til berre ein tingrett.

Jordskifterettane i Kviteseid og Skien blir òg slått saman. Eitt av argumenta for tidenes sentralisering av norske domstolar var at det angiveleg var rekrutteringsproblem til dei små domstolane. Dette påstod dei sjølv om det har variert veldig kor lett det har vore å få tak i folk både ved små og store domstolar.

Kor mange søkarar var det så til stillinga som domstolleiar i den nye, sammenslåtte Telemark tingrett, no som rekrutteringsproblema skulle vera over? Berre ein faktisk. Det er dagens sorenskrivarar i Skien som har søkt stillinga. Ved den eine samanslåtte domstolen etter den andre landet rundt har det vore svært få reelle søkarar.

Fordi det var mykje motstand mot sentraliseringa i haust, kom regjeringspartia og Frp med mange lite gjennomtenkte lovnader. Dei hevda mellom anna at alle domstolar skulle bestå sjølv om det vart mange samanslåingar (men 42 domstolar blir i praksis gjort om frå sjølvstendige domstolar til underavdelingar under nye, samanslåtte domstolar). For å prøve å leggje innhald til denne usannheita hevda dei at dei nye domstolane ikkje skal ha eit hovudsete.

For Telemark sin del betyr det at domstolleiaren i tingretten må pendle mellom Skien, Kviteseid og Notodden. Det skal vel ikkje så mykje fantasi til for å forstå at rettsstadene utanfor Skien i all hovudsak blir utan domstolleiar store deler av tida når vedkomande som får stillinga allereie bur i Skien. Dersom en nye domstolleiaren skal vera på reisefot stadig, vil dette sjølvsagt vil vera svært dårleg bruk av tid og ressursar. Det er ein grunn til at vi i Senterpartiet ville at alle domstolane skulle fortsette å eksistere med stadleg leiing.

Regjeringspartia og Frp hevda vidare at færre sorenskrivarar betyr at dei som ikkje lenger har ein domstol å vera leiar for, skal gjerast om til ordinære dommarar i praksis, men behalde tittelen. Dermed skal dagens sorenskrivararar som ikkje held fram som domstolleiarar bli løna som leiarar utan å vera det. I tillegg går den nye domstolleiaren for nye Telemark tingrett opp i løn grunna fleire tilsette. Dette blir kostbart. Desse prinsippa gjeld òg for jordskifterettane.

Regjeringa og Frp påstår at dei nye domstolleiane skal reise rundt mellom rettsstadene. Slik går dei inn for at landets domstolleiarar blir svært dyre pendlarar som skal leie tilsette på opptil fire ulike stader samtidig.

Det ironiske oppi alt dette er at domstolreforma med alle samanslåingane blir køyrt gjennom på svært, svært kort tid for at regjeringa skal rekke å få endringane gjennom før stortingsvalet til hausten. Reforma blir iverksett i månadsskiftet april/mai. Medan folk, offentlege etatar og næringsliv i landet for øvrig må forhalde seg til ein pandemi og ha så lite reiseaktivitet som mogleg, legg regjeringa opp til unødvendig mykje reising mellom domstolane.

Vi i Senterpartiet vil bruke dei moglegheitene som finst for å reversere endringar som medfører lengre avstandar. Vi meiner det ikkje er greitt at innbyggjarar og næringsliv får dei økonomiske og tidsmessige ulempene ved stadig sentralisering.

Domstolreforma er ei av mange store og sentraliserande endringar som regjeringa og støttehjulet FrP har stått bak i snart åtte år. Vi i Senterpartiet vil straks gjenopprette dei tingrettane og jordskifterettane som regjeringa snart legg ned dersom vi kjem i regjering frå hausten av. Det vil vera eit enkelt grep å gjeninnsette dei same domstolleiarane om dei framleis vil ha jobben. Den vesentlege føresetnaden for alt dette er imidlertid eit regjeringsskifte der Senterpartiet sit med ei sterk hand på roret.

Åslaug Sem-Jacobsen

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Jenny Klinge

Justispolitisk talsperson, Senterpartiet