annonse

– Dialektene i Grenlandsområdet har masse til felles med nynorsk

KRITISK
KRITISK: Leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn (Foto: Scanpix)

Vestfold og Telemark skal bli slått saman, og slik nokon ser det, bør det gå mot språkkonflikt.

  • Leserbrev

I Vestfold er det berre bokmålskommunar, og i Telemark har alle kommunane enten valt nynorsk eller nøytralt. Torsdag 31. januar vedtok formannskapet i Porsgrunn med åtte mot fire stemmer at kommunen skal gå frå å vere ein språknøytral kommune til bokmålskommune. Om det blir vedtatt i bystyret torsdag 7. februar, blir Porsgrunn den første bokmålskommunen i  Telemark.

Grunnen til språkskiftet er kabalen som bestemmer fylkesmann-språket ut ifrå talet på bokmåls- og nynorskkommunar i storfylket seinare. 

For å hindre at fylkesmannen går over til nynorsk, vil ordføraren at Porsgrunn går over til bokmål. Dette er ei underleg prioritering i samanslåingsprosessen. Er det verkeleg så vanskeleg med nynorsk som eventuelt fylkesmannsspråk at Porsgrunn vil bryte med sin eigen historiske, språknøytrale identitet og bli den første telemarkskommunen som skiftar til bokmål? Spesielt blir denne avgjerda merkeleg når det samtidig ifølgje media blei snakka varmt og kjærleg om det nynorske språket i formannskapet.

Skien hadde det same spørsmålet oppe til behandling i fjor og valde å framleis vere språknøytral kommune.

Dialektene i Grenlandsområdet har masse til felles med nynorsk, og det å framleis opne for bruk av begge målformer i administrasjonen i Porsgrunn er eit lite bidrag til å dempe presset frå bokmål på det lokale talemålet som alle vil ta vare på.

Nei, her bør porsgrunnspolitikarane i bystyret tenke seg om ein gong til før dei melder overgang og melder byen språkleg sett inn i Vestfold nesten utan offentleg debatt.

Magne Aasbrenn

Leiar i Noregs Mållag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på varden.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.

annonse

annonse